|
7 av 7 | | | | | G16: Trio/Halsnøy1-Follese 7-0. Follese besøkte Halsnøy Kunstgras laurdag og møtte veldig opplagte gutar på Trio/Halsnøy. 7-0 var ikkje eit mål for mykje. | | |  | | Mål og målgivande frå Ruben. |
Askøyklubben Follese har opna sesongen bra, der dei bare har tapt mot Bergen Nord og blandt anna spelte uavgjort mot sterke Tertnes i forrige kamp. Motivasjonen til gutane var å fortsetja kamprekka utan poengtap og ikkje minst prestera godt spel i lengre periodar av kampane.
| | |  | | Ikkje mykje som passerer midtstoppar Henning... |
Follese opna kampen med hardt press og gjorde det vanskelig for våre gutar å få etablert spel på deira banehalvdel. Nokre feilpasningar på tverrs inn i banen kunne gitt Follese sjansar, men forsvaret demma heldigvis opp. Me har snakka om å slå i bakrom om da blir for tett, men dessverre så starta ikkje løpa på rette tidspunkt i starten. Men litt etter litt begynte lagmaskinen å fungera. Etter at ein fyrst har misbrukt eit par gode sjanser etter flott spel, kjem fyrste scoringa. Me har flytta mykje spelera høgt i banen og Oliver får ballen ute på høgresida. Han slår eit flott innlegg, som Marius stusser vidare til Ruben, som set inn 1-0!
| | |  | | ...og hans makker Vegar. |
Dei siste 25min av omgangen spelar gutane glitrande fotball. Alle lagdelar bidrar offensivt og ein får sjå kva som bur i laget. Hurtig pasningsspel, fleire løp samtidig og gode avslutningar. 2-0 kjem etter brudd på midten. Marius blir spelt fri i mellomrommet og slår ein flott stikkar gjennom til Ruben. Han spurter til dødlinja og slår knallhardt inn framfor mål, der Niko kjem i 100 og knaller lærkula i mål. Vel 20 minutt ut i kampen kjem dagens flottaste angrep. Flott samspel på midten av Patrick og Erik, gjer at Erik kjem fri i mellomrommet. Niko starter løp på høgre og Erik slår ein nydelig pasning med utsida av foten mellom stoppar og back. Niko slår inn til Håvard, som smell ballen oppunder tverrliggaren til 3-0! Nydelig angrep gutar!
Gutane fortsetjer sjansebonansaen, men stolpar og ein god keeper avverger fleire mål, heilt til siste minutt av omgangen. Niko tar ballen med seg på tverrs innover og blir lagt i bakken inne i 16-meteren. Ballen spretter til Rasmus, som smell ballen inn i vinkelen, men dommaren blåser for straffe. Han innrømma vel at han burde sett an fordelen. Men, Rasmus er sikker frå 11-meteren og set kontrollert inn 4-0 til pause.
| | | Ein har hatt litt utfordringar når da kjem til å gjenskape gode prestsjoner etter kvilen i kampar. Så fokuset var å ikkje senka seg nedpå fordi om ein leia klart og hadde hatt eit solid overtak. Og om ein hadde hatt mesteparten av spelet i 1.omgang, så blei da iallefall total dominans i 2.omgang. Follese hadde ikkje ein kvalifisert målsjanse. Mykje av grunnen var veldig solid forsvarsspel av heile laget, men spesielt midtforsvaret er bunnsolide i taklngar og duellar. Og framover fortset gutane å produsera sjansar. Om ein skal trekka fram noko negativt, så må det vera effektiviteten.
| | |  | | 2 mål på 2 kampar. Kva skjer Patrick? |
Da er vel eit under at ein må venta 15 minutt ut i omgangen før 5-0 målet kjem. Men, da er til gjengjeld veldig flott. Patrick vinn ballen høgt i banen og speler nydelig vegg med Daniel, før han set ballen i høgre hjørnet for keeper. Og bare 4 minutt seinare er gutane på farten igjen. Marius finn Rasmus på løp gjennom midten, som iskaldt set inn sitt andre mål for dagen, 6-0! Så, må me venta nye 4 minutt på neste scoring, som Håvard bare kan dela med seg sjølv. Han får ballen ute til høgre, dribler 3-4 Follesespelera og banker ballen inn i lengste hjørne og fastset sluttresultatet til 7-0!
Ein flott gjennomført kamp av heile laget (15 stk i dag). I dag presterer ein veldig bra i større delar av kampen enn tidlegare. Om ein kan ta fram slikt spel og vera like konsentrert neste helg mot Austevoll, så skal gutane i havgapet få hard kamp om sigeren. Dei er som oss, ubeseira til nå.
| | |  | | Håvard |
Laget: Vebjørn Røssland, Oliver Lygresteen, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Marius Quam, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Håvard Vågen, Marcus Størksen, Sander E. Vevik, Rasmus E. Sjo og Daniel Normann.
| | | Mål: 1-0 Ruben (Marius), 2-0 Niko (Ruben), 3-0 Håvard (Niko), 4-0 Rasmus (straffe), 5-0 Patrick (Daniel), 6-0 Rasmus (Marius), 7-0 Håvard
| | | - Verner og Bjarte
| | | |
| | | |
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |