
Emanuel var stadig på farten på venstrekanten.

Thorkildsen hadde mange dribleraid i kampen.

Haga klarte ikkje å fortsetta kampen etter han førte Trio i ledelsen.
Lagoppstilling: Eirik W. Eikeland, Andreas Charter Røyrvik, Ronny Hamre (C), Simen Røssland, Saimon Gebreslasie Tewelde, Stephen Dragøy, Futsum Mebrahtu, Lars Bernhard Heggøy, Andreas Thorkildsen, Emanuel Onasaka, Håvard Haga.
Reserva: Mats B. Ekeland, Olav Kvandal Myklebust, Roger Røssland, Chriss Andre Grønstøl, Sondre Myklebust, Marius Myklebust, Jonas Tazo, Dawit Kahsay
Trio - Os2 2-1 (2-0)
Trio starta kampen i eit forrykande tempo og hadde etter 10 minutt hatt 3 store målsjansar. Simen hadde eit skot i tverrliggaren etter ein innøvd cornervariant. Thorkildsen hadde eit skot fra skrått hald som keeper slo ut til corner. Og Haga hadde ein gedigen bom fra 5 meter etter at Ronny og Charter spelte klikk klakk fra egen banehalvdel. Men Haga fekk revansj etter ca 15 minutt spel då han fekk ballen heilt aleina foran mål etter at Futsum hadde kriga til seg ballen. 1-0 til Trio!
Men bare minuttar etter scoringa får Haga problemer og må ta telling i graset. Han signalisere for bytte og rapportane seier at han har hatt problemer med ryggen sin denne veka og at det er grunnen til at han ikkje kan fortsetta. Sondre Myklebust kjem inn for Haga.
I det 25 minutt er Trio frampå igjen. Ein står høgt med laget og stresser motstandaren til å gjera feil. Etter mange 50/50 duellar får til slutt Stephen ballen på 30 meter. Han fører ballen med seg mot mål og fra 14 meter setter han ballen hardt under keeper. 2-0 til Trio!!
Stephen er inne i ein god periode no og kriger som besatt. Han vinner ballen høgt i banen og gir ballen til Sondre som storme framover. Han ser at keeper står langt ute og fra ca 25 meter så chippe han ballen over keeper, men ikkje i mål. Ballen går lika over tverrliggar. Stephen virkar fast bestemt på å assistera Sondre i dag og vinner nok ein gong ballen høgt i banen. Han slår hardt inn foran mål der Sondre kastar seg fram. Dessverre så var skoene til Sondre for små og han rakk akkurat ikkje fram til ballen.
Lika etter må også Stephen gje seg. Dawit Kahsay kommer inn i det 40 minutt.
Det skjer ikkje meir i den omgangen og dommaren bles laga inn til pause. Trio var det suverent beste laget i første omgang og ledelsen kunne (burde) ha vore mykje større. I pausen bytter Trio keeper. Eirik går ut og Mats B. Ekeland kommer inn.
Os2 må ha fått ein tordentale frå trenaren sin i pausen for det er eit heilt anna lag som kom ut på banen i 2.omgang. Nesten rett etter avspark scorar Os2! Klikk klakk fotball fra midtbanen ender med ei vakker scoring av Harry James Moore. Det virka som om Trio ikkje høyrte at dommaren bles i gong kampen. 2-1!!
Os2 gjer seg ikkje og står høgt med laget. Dei vinner ballen høgt i banen og får løsna eit skot. Denne gongen er Mats med på notane og redder mesterleg. Det skal gå heile 10 minutt av andre omgang før ein Triospelar får ballen med seg over midtsirkelen. Det endar med ein farleg corner som Charter dempar inne i 16 meteren. Han får overaskande god tid t å sikta men skotet hans havnar på feil side av krysset.
Trio gjere mange bytter utover i kampen. Marius Myklebust som har vore lenge ute med skade kommer inn for Andreas Thorkildsen. Roger Røssland blei også bytta inn for Emanuel. Kampen bølger no fram og tilbake. Os2 står høgt noko som gjer at Sondre blir spelt gjennom. Frå 25 meter går han for eit nytt chipp-forsøk men ballen vil ikkje i mål. Der burde han valgt å gå lenger med ballen og utfordra keeper.
Etter 75 minutt spel får Ronny føling på ein strekk og byttar av den grunn plass med Futsum på midtbanen i påvente av å bli bytta ut. Men før han blir bytta ut får Ronny ballen i beina og fra 25 meter klinker han til. Ballen havner dessverre 3 meter til høgre for målet.
Ronny blir deretter bytta ut med Olav Myklebust. Då kampen nærmar seg slutten får Trio ein stor mulighet til å punktera kampen. Sondre kjemper til seg ballen og fører ballen mot mål. Men avslutninga går dessverre rett i keeperen. Uflaks av Sondre som har gjort mykje bra i dag. Trio gjer faktisk 2 bytter til. Chriss Andre Grønstøl kommer inn for Dawit og Sondre Myklebust har sprunge seg tom og blir tatt av til fordel for Emanuel. På overtid får Trio ein megasjanse då Lars Bernhard plutselig blir spelt gjennom. Men han får ballen på feil fot og avslutninga frå 15 meter havnar rett i klypene til Os2 keeperen.
Det blei ikkje fleire mål denne dagen og Trio tar dermed sin første seier i år. Etter ein svært god første omgang er det skuffande at Trio slepper Os2 tilbake i kampen i andre omgang. Det vart ein del rokeringar undervegs i kampen grunna mange skadar så det kan nok ha ein del av skulda. Men Trio tar 3 viktige poeng og det skal ein vera svært nøgd med.