|
G14 med ny heimekamp på onsdag | | | | | Onsdag 25/5 er det duka for ny heimekamp for Trio sitt G14-lag. Moster kjem på besøk for 11ar oppgjer og kampstart er kl 18.30 på Kvednabekkjen. | | | Moster ligg på 7. plass på tabellen etter 6 kampar, med 2 sigrar og 4 tap. Dei har målrike kampar og har scora nærare 7 mål i snitt pr kamp så langt, men og sluppe inn vel så mange. Så her skulle vera gode muligheter framover og forhåpentligvis også utfordringar for vårt forsvarsspel. | | |  | | Joakim er ute med skade. |
Med spesialtrening på avslutningar dagen i forvegen, blir det spennande å sjå om det får umiddelbar effekt. Då vil den gamle storspelaren Ivar B. Arnesen Jr vera gjestetrenar for G14 og dela sine egenskapar på avslutningsteknikk. ' Brynjar (skade) og Tor Øyvind (sjukdom) er forventa tilbake til Mosterkampen, mens forsvarsbautaen Joakim sannsynlegvis er ute med skade ein periode etter G15-kamp forrige veke. | | | Dei 2 første heimekampane til G14 har gitt til saman 28 scoringar og gutane håpar å kunna underholda for masse publikum også på onsdag. Gutane jobbar knallhardt kvar veke med å utvikle vidare sitt hurtige pasningsspel og får dei det til, kan det bli kjekt å sjå på, uavhengig av målprotokoll. | | | Ryktene seier flott vær og at søsken av gutane vil tilby kaffi og kake for salg til dei som kunne tenke seg det :) | | | Vel møtt! | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |