Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Slett ikkje gale

Klikk på bilete for full storleik
 
G15: Trio3-Avaldsnes1 1-6. 2001-gutane tok i mot serieleiar Avaldsnes i solsteiken på Kvednabekkjen. Ein godt gjennomført kamp av våre gutar, der bortelaget var kvassare lengst framme, særleg grunna ein stor og veldig rask spiss.
 
Avaldsnes bygde opp det meste av spelet sitt rundt den sterke spissen, og slo mykje langt i bakrom. I banespel var vi godt på høgde med dei, men ikkje i målprotokollen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjempesjanse for Marcus.
Kanskje ein litt rotete inngang på kampen får vår del. I G15-klassen samarbeider vi med G14-laget og hadde med 4 'mann' derifra i dag. Dei var opptekne med avslutningstrening på grasbanen i forkant og kom akkurat til kampstart. Med kamp i morgon også, fekk dei ein omgang på banen, og utgjorde angrepstrioen og han i hin enden i første omgang. Med 5 bytter i pausen og nye endringar så om lag alle hadde ein tur på benken, vart det gjerne i overkant med endring undervegs. I allefall tok bortelaget meir over spelet siste halvdel av andre omgang.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjempekamp av Tarmo.
Men dei første om lag 60 minutta var i allefall temmeleg jamnspelte. Marcus fekk tidleg alle sjansars mor, då Tarmo vendte spelet med ei gjennombrotspasning. Det var faktisk ikkje offside heller, men forsvararen stoppa heilt opp og Marcus fekk all verdas tid. Men keeperen varta opp med ei strålande redning. Det gjorde han også då Ole Martin fekk tid i feltet etter flott kombinasjonsspel av Sander og Gaute.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av høgreback Gaute.
Bortelaget fokuserte også mykje på å skyte høgt på vår noko stuttvokste keeper og lukkast til slutt med det. (Og på ny i andre omgang, trass høgare keeper.) Elles hadde Tarmo imponerande god kontroll defensivt mot den råsterke og lynraske spissen. Likevel klarte han å score to gonger på dei siste fem minutta av omgangen, då han fann ut han måtte utfordre mot andre spelarar. 0-3 til pause, vi hadde fortent betre.
 
Sander reduserte på eit halvvolleyskot tidleg i andre omgang. Fortent for han, som la ned ein dugeleg innsats på midtbanen og sprang fleirfoldige km. Men Avaldsnes svara med tre nye mål på dei siste 20 minutta og dermed enda kampen mot topplaget med 1-6-tap.
 
Vi viser dog fin spelemessig framgang og skal vera nøgde med dette. Tarmo spelte ein strålande kamp i midtforsvaret i dag og mange viste seg frå ei god side. Vi må bli litt kvassare på den siste tredjedelen av banen også, men det kjem med tida. No har vi ny kamp allereie torsdag. Då i G16-klassen, lokalbatalje mot eit Trio2 i storform :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio3-Avaldsnes 1-5 (0-3)0-1 (30 minutt) 0-2 (35 minutt) 0-3 (40 minutt) 1-3 (49 minutt) 1-4 (62 minutt) 1-5 (72 minutt) 1-6 (76 minutt)
 
Tilskodarar: Imponerande mangeDommar: Patrick Solheim Fjelland, Halsnøy
Trio sitt lag:
Torstein Olderkjær, Tormod Sund Vårdal, Gaute Thorkildsen, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Marcus Nilsen Mathisen, Lars Olderkjær Larsen, Martin Hjelmeland Arnesen, Vegard Fausk, Eirik Kjerpeseth Rusten, Benjamin Skarveland, Daniel Sørtveit.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart