Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Litt for lett igjen - dessverre

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Trio-Moster 20-1. G14-laget har ein 'solid' heimestatistikk i årets sesong. Etter kamp nummer 3 for året er status 3 sigrar og 48-1 i målforskjell, etter at Moster blei sendt heim med 1-20 i bagasjen onsdag kveld.
 
Klikk på bilete for full storleik
Dagens fulltreffar kom frå Marcus.

Litt skadar og sjukdom, samt litt usikkerhet rundt Daniel var inngangen til kampen. Joakim er ute i minst 4 veker og siktar no mot Norway Cup og Tor Øyvind er sjuk. Inn fekk vi «som vanlig» Henning på lån fra G13 og for anledningen Yonas Debesay frå G15 (2002-modell). Vår kaptein Daniel blei kampklar og styrte troppane på sedvanlig vis. Allerede etter 12 minutt står det 4-0 og kampen er i realiteten over. Vi puttar på 4 til før kvilen og går til pause med 8-0. Dagens fulltreffar sto nok Marcus for då han satte 7-0 frå ca 35 meter på volley over keeper i hjørnet.

 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel – kaptein i form.

I pausen er vi enig om å «drite i resultat» og gå ut og ha ein solid halvtime med trening. Vi går ut med bra trøkk og dunkar inn nye 6 mål første 11 minutta av sluttomgangen. Vi kviler Daniel siste 20 etter at han har satt inn 15-0. Ellers maler vi på jevnt og trutt og har mange gode angrep og avslutningar, sjølv om det var utfordrande å holda oppe konsentrasjon og det blei meir strekk og mindre struktur utover kampen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Henning var god igjen, no som midtstoppar!

Daniel er nevnt. Han dominerte på midten, som forventa på dette nivået, så lenge han «fekk lov» og dokumenterte fortsatt fin form. Instruksen om å ta det litt rolig og holde litt igjen i starten var som forventa gløymt etter ca 10 sekund :) Såg ikkje ut til å vera plaga av lyskeproblema, men 50 minutt fekk vera nok i dag for å vera litt forsiktig. Ellers offensivt er Mads, Lars, Emil og Martin svært involverte i dag og noterer mange målpoeng. Flest (7) på Lars og Mads, Emil og Mads toppscorarar med 4 kvar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott G14-debut av Yonas.

Ellers fekk Henning ei ny utfordring i dag. 13-åringen fekk jobben med å fylla plassen til Joakim i midtforsvaret og løyste det som vi forventa. Vi følte oss trygg på at han ville mestra dette med sin hurtighet og fotballforståelse. Yonas, som debuterte for G14, klarte seg veldig bra på venstre backen, der han fekk spela halvannen omgang. Isak viste stigning i form og leverte årsbeste for G14 i dag. Også Magnus hadde ein god dag på jobben som midtstoppar med Henning, blir stadig bedre.

 
Klikk på bilete for full storleik
Årsbeste av Isak.

Spelar for spelar er ikkje forskjellen på laga 19 mål. Det var fleire brukande spelarar på Mosterlaget, men dei mangla mykje på struktur og samhandling som lag, spesielt defensivt. Ligg ein skeivt med forsvaret eller enkeltspelar ligg og opphevar offside, finn våre gutar fort veien til åpne rom gjennom å spela ball og straffar dette umiddelbart.

Vi likar definitivt bedre å vinna tette kampar med eit mål eller to etter godt spel enn å vinna med siffer som vi har opplevd i fleire kampar i år. Igjen, lite å gjere med og vi må bare ha fokus på det vi kan gjere noko med. Alt i alt flott gjennomført i varmen av heile gjengen!

 

Takk til flinke mødre og småsøsken som ordna med kaffi og kake til kiosk.

 

Neste oppgåve no vert langtur til Langevåg for 7arkamp mot Bømlo tirsdag neste veke. Ellers ser fredag 17. juni ut som ein dag verdt å merka av i almanakken – eller på iPhonen som det heiter no for tida. Då møtes Trio og Odda på Kvednabekkjen til avgjerande duell om puljesigeren slik det ser ut pr i dag. Odda har og vunne alt med store siffer og har toppa tabellen stort sett heile veien på grunn av fleire kampar enn Trio.

 

PS! Oppsettet for Norway Cup er klart og G14-laget skal blant anna møta Molde i innleiande puljespel! Det blir noko å gle seg til!

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14, 2. div Hordaland: Trio–Moster 20–1 (8-0)

1-0 (2 min) – Emil (Assist: Mads)

2-0 (4 min) – Mads (Lars)

3-0 (9 min) – Isak (Brynjar)

4-0 (12 min) – Mads (-)

5-0 (24 min) – Emil (Isak)

6-0 (27 min) – Lars (Daniel)

7-0 (30 min) – Marcus (-)

8-0 (33 min) – Martin (Daniel)

9-0 (38 min) – Martin (Lars)

10-0 (39 min) – Daniel (Mads)

11-0 (41 min) – Mads (Brynjar)

12-0 (44 min) – Martin (Daniel)

13-0 (45 min) – Mads (assist: ??)

14-0 (46 min) – Lars (Mads)

15-0 (49 min) – Daniel (Lars)

16-0 (54 min) – Emil (Martin)

17-0 (56 min) – Emil (-)

17-1 (60 min) – MOSTER

18-1 (62 min) – Torstein (Lars)

19-1 (68 min) – Torstein (Emil)

20-1 (70 min) – Isak (Lars)

 

Dommar: Patrick S. Fjelland, Halsnøy – god som alltid

 

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Emil Voster, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mats Jørgensen, Alen Foric, Yonas Debesay, Henning Thomsen.


- Tore og Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart