Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Close, but no cigar

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio4-Trio2  1-2. Vi har heile 4 lag i seriespel i G16-klassen i år og i kveld var det duka for intern duell. 15-åringane på Trio 4 tok i mot 16-åringane på Trio 2. Dei yngste gjekk ut med høgt press og stressa gamlingane gjennom nesten heile første omgang, men etter pause klarte oldboysane å snu kampen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott scoring av Samson.
Vi (Trio 4) hadde bestemt oss for å gå offensivt ut med høgt press og jage høgt i banen på kvar ein ball. Som sagt, så gjort og vi klarte å ryste Trio 2 i starten. Det betalte seg også med scoring allereie etter 10 minutt. Sander og Simen vann ballen høgt oppe på høgresida. Innlegget la Benjamin i støtte og Samson hamra 1-0 knallhardt i hjørnet. Perlescoring!
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor sjanse for Mathias.
Vi heldt fram med å trykke på og var det førande laget. Sander heada ein corner på mål, men keeper Sindre var på plass. Det var han også då Jonas opna forsvaret med ein fin crossar og Mathias kom fri på høgresida. Sander hadde også eit skot utanfor, medan Trio 2 berre hadde ein skikkeleg sjanse i første omgang. Det var ei fin kontring av Oliver og Rasmus, der Tristan nikka innlegget like over. 1-0 midtvegs.
 
Klikk på bilete for full storleik
Dagens prestasjon: Tristan utlikna til 1-1.
Det var vi godt nøgde med og ville halde oppe intensitetet også etter pause, dog noko lågare i banen. Trio 2 opna med eit stolpetreff av Mathias, før Rasmus skaut returen til himmels frå god posisjon. Oliver framsto som omgangens store spelar og dominerte på midten. Han sendte i veg eit skot som Tormod med naud og neppe slo til corner. Vi fekk køyrd oss i ein periode i første del av omgangen, men var i ferd med å ri trykket av og få meir kontroll, då utlikninga kom. Det var dagens store prestasjon, Tristan vendte seg lekkert fri og vrengte ballen i lengste hjørnet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Oliver: banens beste og matchvinnar.
Knappe ti minutt etter kom også sigersmålet, då Oliver var på rett plass og snappa ballen etter ping-pong i feltet. Han hamra den nådelaust i mål og dermed vart det siger til dei eldste, også denne gongen. Men nærare har vi aldri vore, så til hausten tek vi dei :)
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Simen.
Då er det to kampar for oss også neste veke, heime med Trio 3 på tysdag og borte mot Odda med Trio 4 på torsdag - før kampfrekvensen roar seg dei siste vekene før ferien. Kjekt å ha Edvin tilbake på banen i dag. Han sesongdebuterte etter å ha vore ute leeeeenge med kneproblemer, såkalt Schlatters syndrom. I dag var han eit friskt pust då han kom inn på topp. Elles gjorde heile laget ein god prestasjon i dag. Trekkjer særleg fram Gaute og Sander i dag. På Trio 2 var som nemnt Oliver best. Elles gjorde Preben ein solid kamp bak. Eivind sesongdebuterte elles for Trio 2 i dag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio4-Trio2 1-2 (1-0)
  • 1-0 (10 minutt) Samson Nyrud Uppheim  
  • 1-1 (64 minutt) Tristan Andre Fredlund  
  • 1-2 (72 minutt) Oliver Lygresten
 
Klikk på bilete for full storleik
Solid spel av Alex.
  • Tilskodarar: Om lag 40.
  • Dommar: Miomir Milenkovic.
  • Gult kort: Mads Olsen, Trio2.

Trio 4 sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Yonas Debesay, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Samson Nyrud Uppheim, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Benjamin Skarveland, Daniel Sørtveit, Yonas Debesay, Jonas Teigen, Mathias Gjelseng.
 
Trio 2 sitt lag: Sindre Lemicka Brix, Tommy Heimvik, Mads Olsen, Eivind Raustein Tofte, Preben Heimvik, Håvard Hope, Mathias Grindheim, Alexander Johnsen, Sebastian Blom, Tristan Andre Fredlund, Dion Clifton Attille, Loc Nguyen, Oliver Lygresten, Sander Eik Vevik, Rasmus Eik Sjo.
 
- Trenar Trio 4, Are Ulseth
 

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart