Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God kamp trass tap

Klikk på bilete for full storleik
 
J12: Trio-Eikelandsfjorden 1-5. J12 innleia helga med kamp mot Eikelandsfjorden (EFJ) laurdag formiddag kl 11 på Kvednabekkjen. I ein kamp som var langt jevnare enn resultatet indikerer, vart det til slutt eit 1-5 tap for Trio jentene.
 
Klikk på bilete for full storleik
Margrethe – sporty og god keeper i dag!

Vi hadde ingen dedikert målvakt med oss i dag. Då tok Margrethe jobben, då ho var litt redusert med forkjøling. Flott innstilling og bidrag til laget! Vi er litt avventande og nølande som vi ofte er i starten av kampane. Uten at motstandaren klarer skapa noken store sjansar på oss for det. Litt ut av ingenting er vi uheldige og lagar ein «refleks-hands» i særs farleg område. EFJ hadde ein svært god spelar som dominerte totalt i første omgang og utgjorde forskjellen på laga. Ho setter frisparket kontant i nota utagbart for Margrethe.

 

Mål nummer 2 kommer og på noke som normalt ikkje blir sjanse i mot. Vi er i ein duell på midten og dett. Midtforsvar er eit lite sekund meir opptatt av koss det går med lagvenninna (som jenter ofte er) enn å spela videre og plutselig ligg ballen i mål. Her må vi prøva å venna oss til å spela til fløyta går og stola på at lagvenninna får den hjelpa ho treng etter kvart. Vi får ein til i mot og går til pause med 0-3 der EFJ er særs effektive, men spelar slett ingen dårlig omgang.

 
Klikk på bilete for full storleik
Synna – kanon mål med «feil fot»

Jentene får skryt i pausen og beskjed om å passa litt ekstra på den store (også i størrelse til å vera 2004-modell) spelaren til EFJ, som på trass av at dei hadde 11-12 spelarar ikkje vert bytta ut før det står 0-4 uti sluttomgangen. Det var tydeleg viktig for lagleiinga til EFJ å vinna kampen….. (vi rullerer som vi pleier og alle får spelt rikeleg. June klagar på ein vond fot og spelar mindre i andre omgang etter eige ønske). Vi får ein ekstra spelar på 0-4 og tar over kampen fullstendig. Synna knallar inn 1-4 med venstre via stolpen (og vi tar ut ein spelar igjen) og har og ei kanon i tverrliggar på volley med høgre.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ragnhild – flott kamp i forsvar

Dette må ha gjort EFJ urolige for plutselig er deira store spelar på banen igjen som midtstoppar for å trygga seieren. June Marie har og eit par store sjansar og vi kunne fort fått et par mål til i denne perioden. Då ville det blitt spanande også i målprotokollen. EFJ skapar ingenting resten av kampen, men får eit femte mål på ein rein tilfeldighet, der ein skruball frå duell dabbar over keeper og i mål. Andre omgang er vi definitivt bedre enn EFJ sjølv om vi tapar omgangen 1-2.

 
Klikk på bilete for full storleik
Synna bankar ballen i mål med 'feil fot'.

Jentene skal ha skryt for å aldri gje opp og prøva spela ball heile kampen. Ragnhild spelar ein flott kamp i forsvar og har og eit kanonskudd som fort kunne gått i mål. Elles var Ingeborg som alltid god å ha i midten bak, mens Synna og June Marie vann mykje duellar og var dei største truslane mot EFJ-målet. Ellinor Isaac frå J11 var med oss for første gang i dag og ho klarte seg veldig bra.

 

Då er vi ferdig med «første runde» av trippelserie og står med 2 seire, 1 uavgjort og 2 tap. Litt av kvart, slik det skal vera! Neste runde begynner allerede på onsdag, då tar vi imot Uskedal på Kvednabekkjen, som slo oss 6-3 i første kampen i vår. Då får vi bryna oss på store spelarar igjen….

 

Trio sitt lag:

June S. Hammer, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Ragnhild Hauge, Ellinor Isaac.

 

- Trenar Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart