|
Gode prestasjoner | | | | | J11: Halsnøy-Trio 5-2, Trio-Rosendal 4-5. Det er eit veldig tynt kampprogram fotballkretsen har laga for J11 i år, men torsdag 12 mai spelte Trio J11 sin første kamp for sesongen mot Halsnøy. | | | Vi opna kjempebra og trykka Halsnøy tilbake, men mål fekk me ikkje. Og då går det som det ofte går, motstadaren kontrer og scorer istaden. Men vi fortsatte å trykke Halsnøy men mål fekk me ikkje no heller og det samme skjer igjen. Halsnøy kontrer og scorer. Vi pressser på nytt og skaper fleire gode sjanser men avslutningane på mål blir for puslete og igjen kjem Halsnøy på ein kontring og legg på til 3-0. Rett før pause får vi endelig eit mål og går til pause med 3-1.
| | | Andre omgang vart mykje jevnare der Halsnøy vart minst like gode som oss, og at det vart 2-1 i 2 omg er vel ganske rett rett bilde av det som hende i 2 omgang, men at vi tapte totalt 5-2 viser ikkje noko rett bilde av kampen. Eg synes vi viser veldig gode ferdigheter med ball og alle gjer ein kjempejobb og står på heile kampen (hadde ingen innbyttere). Eg trur eg aldri har vore så fornøgd etter å tapt så pass mykje.
| | | Mandag 23. mai møtte me Rosendal på Kvednabekkjen. Og då va vi ikkje klar når kampen byrja. Vi var veldig tafatt og Rosendal fekk gjera som dei ville og scora 3 mål på 10 min. Men vi vakna etterkvart og reduserte både til 1-3 og 2-3. Dagens prestasjon gjorde Sophie då ho tok ballen frå egen banehalvdel og drog seg forbi 4 Rosendals spelarar før ho sette ballen iskaldt i mål. Til pause stod det 4-4 og det var vi godt fornøgd med når vi tar med den tafatte opningen på kampen. 2. omgang vart ein vedig jevn og tett. Men dessverre var det Rosendal som klarte å få ballen i mål rett før slutt og det i ein periode då vi hadde overtaket og produserte fleire gode sjanser. Så då vart det eit knepent tap 4-5.
| | | Oppsummert så synes eg vi viser veldig gode tendenser med ball. Vi er gode individuelt med ball (mottak, føring og pasning). Pasningsspelet å finne kvarandre begynner og å bli bedre og bedre. Det som vi taper på er skudd (kraft) og tøffhet i duellane. Vi er kort og godt litt pinglete og for hensynsfull med motstanderane. Dette skal vi jobbe med og det bør vere forholdsvis lett å bli vesentlig bedre på. Så då skal vi bite enda bedre frå oss. Serien er blitt veldig tynn med 3 kamper vår og 3 til hausten. Etter at kretsen flytta 3 lag over i ei anna pulje. Så vi må prøve å lage til nokre ekstra kamper. Kanskje ein 'seriedag' i vår og ein til hausten?
| | | Desse splarane er med: Jenny C. Eide, Heda Eldi, Vanessa V Horne, Ellinor T. Isaac, Annie Kloster, Weronika Kondracka, Wiktoria Kondracka, Sophie Mehri, Ellen Marie Vigrestad og Cecilie E Medhaug.
| | | - Kjell Magnar Eide, trenar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |