|
Årsverste | | G15: Trio3-Nord1 2-4. Det yngste gutelaget tok i mot haugesundslaget Nord til dyst på Kvednabekkjen tysdag kveld. Det var eit lag vi matcha borte tidlegare i vår, men den gongens 1-0-siger vart ikkje følgd opp på like bra vis i dag. Årets svakaste kamp for vår del, og tap fullt fortent 2-4. | | |  | | Strålande innsats av Gaute. MOM! | I dag fungerte veldig lite. Vi skulle gå offensivt ut, presse høgt, jage motstandaren på deira halvdel og gå raskt i angrep ved ballvinning. Men kanskje var det for varmt for å få det presset vi ville ha. Varmen kan dog ikkje ta ansvar for at pasningskvaliteten i dag var særs slett. Altfor ofte slurv og vi gjorde heller medspelarane dårlege enn gode. Pasninga kom også altfor ofte bak eller i beina, der vi burde fått den på medløp. Kort sagt, ikkje ein kamp for historiebøkene. | | | | Vi hadde eit lite overtak i starten av kampen, og hadde ein ball inne alt i første minutt. Sander vendte spelet ut til Simen, som fann Tarmo framom mål. Sikker scoring, men sikkert også rett med offsideavblåsing. | | |  | | God kamp av Eirik, som var såå nær å notere ein målgjevande. | I staden fekk vi 0-1 i mot på ei kontring, som vår keeper kanskje kunne vore ute og plukka. Men litt uvant rolle, då vår faste keeper låg heime og ba til porselensguden. Elles skura og gjekk første omgang på eit irriterande vis, der vi var altfor upresise i det meste. Litt oppsving siste minutta. Vi bytta som vanleg etter 1/3 kamp, og dei tre som kom inn, Eirik og Vegard på kant, samt Vegar på back, løfta seg og laget så vi fekk meir trøkk i det. Ein formidabel sjanse fekk vi også. På ny vendte vi spelet og vår bestemann i dag, Gaute, kom på eit forrykande løp frå høgrebacken og runda deira forsvarar. Han fann Eirik, som flikka vidare til Tarmo. Frå ein oppsiktsvekkjande god posisjon på femmeteren gjekk diverre skotet over. Den hadde fortent ein betre skjebne. | | | | NB gutar! Det var dei gongene vi vendte spelet at vi skapte store sjansar. Dei andre gongene, då vi slo tilbake der det var mykje folk, vart det aldri noko ut av det. Lærdom! Vi kan også ta lærdom at på ein dag der ikkje finter og pasningar sit som dei skal, er det alltid viktig at innsatsen ligg i botn. Det kan rette opp i mykje. Det demonstrerte Gaute i dag, heroisk innsats frå vår 'man' of the match!0-1 til pause like forbaska. Betre fortente vi ikkje. | | |  | | To praktscoringar av Sander. | Vi var enige om å heve oss etter pause og tok godt tak i det i starten. Etter få minutt fekk Tarmo litt juling i ein duell ute på venstresida. Det endte i frispark og Tarmo ville prøve å spele vidare, trass store smerter i ribbeina. Frisparket slo Ole Martin hardt inn, og Sander nikka vidare opp i vinkelen. Praktscoring og 1-1. Men nesten før vi var i gong igjen, måtte Tarmo ut med enda større smerter. Vi rakk ikkje å setje inn ein ny før Nord gjekk i angrep nett i det rommet Tarmo brukar å dekke. 1-2 i fleisen, surt. | | |  | | Ingen bør klemme for hardt på Tarmo dei komande dagane. Ei heller kjæresten! | Det gjekk noko tid med til å få Tarmo sendt til legesjekk, og vi fekk ikkje heilt sett kampen igjen, før Nord gjekk opp i 1-3 på ein uheldig retur. Så kom ein periode med mange kort. Først eit gult til Nord, så eitt til oss. Begge litt strengt for heiderlege duellar, men greit nok. Så får vi eitt til for ein stygg og unødvendig ettersleng, og slikt er det vanskelegare å akseptere. Det førte også til litt dårleg stemning i laget ein periode og vi måtte ha nokre minutt 9 mot 11. Då kom også 1-4. Slike kort skal vi ikkje ha igjen, det er vi enige om. Så treng vi også at vi etter beste evne bretter opp ermene og jobbar i lag vi som er att på banen. | | |  | | Kjekt å ha Edvin attende på banen etter langt skadefråver. | Det skal vi ta med, vi klarte å reise oss og jobbe betre i lag då vi vart fullt lag på banen igjen. Framleis upresise i spelet og gav frå oss mykje ballar unødvendig, men vi tok tak og jobba oss opp i banen igjen. I lag! Bra! Det vart også krona med eit flott mål. Nok ein gong vender vi spelet etter ballvinning. Ole finner Mathias ute på kant. Han setter fart og dribler ein (ser du gut, det held med ein!), før han speler inn sentralt. Der venta Sander og hamrar ballen så til dei grader opp i vinkelen. Strålande. | | | | 2-4 vart sluttresultatet og ein fortent siger til Nord, som som venta var meir samspelte enn dei var i vår, då vi møtte eit lag med store utskiftningar i opningskampen. No var dei meir varme i trøya og spelet sat betre. I neste kamp kan vi vonleg seie det same om oss. Merk, neste kamp blir ikkje på torsdag, for Odda har utsett kampen mot oss då. Følgjeleg kan vi trene ei god veke fram til bortetur til Vedavåg neste torsdag. | | | Så ønskjer vi Tarmo god betring og vonar ribbeina går seg til :)Kampfakta frå KvednabekkjenG15: Trio3-Nord1 2-4 (0-1)- 0-1 (10 minutt)
- 1-1 (43 minutt) Sander Dolonen Brækken
- 1-2 (44 minutt)
- 1-3 (48 minutt)
- 1-4 (57 minutt)
- 2-4 (76 minutt) Sander Dolonen Brækken
. Tilskodarar: Bra med folk, hadde fortent betre spel . Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden | | | Gult kort: Eitt til Nord, Gaute Thorkildsen og Vegard Fausk (Trio).
Trio sitt lag: Jonas Teigen, Yonas Debesay (Vegar Teigen), Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Gaute Thorkildsen, Tarmo Tars, Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie (Eirik Kjerpeseth Rusten), Edvin Vågen Bjørgvik, Mathias Gjelseng (Vegard Fausk). | | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |