Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Inntok tabelltoppen

Klikk på bilete for full storleik
Daniel – banens beste og 3 scoringar
 
G14: Bømlo 7ar-Trio 0-9. I flott sommarvær brukte G14-laget tirsdag ettermiddag til vårens lengste tur, bortekamp på Langevåg på Bømlo mot deiras7arlag. Gutane var ikkje nevneverdig plaga av varmen, tok med seg alle poenga og inntok for første gong i år tabelltoppen, der Odda har ligge sidan seriestart i april.
 
Klikk på bilete for full storleik
På assist-toppen i dag – Lars

Vi var 11 speleklare gutar og hadde god anledning til å rullera og disponera krefter. 7arkampar er ikkje lenger favoritten til gutane, men dei starta friskt i ein 2-3-1 formasjon. Vi åpna med Martin og Daniel bak og med klar ambisjon å få brukt Brynjar på sentral midtbane i oppspel. Videre skulle dei 2 bak delta aktivt offensivt. Dette fungerte meget bra og gutane leverte forrykande første 35 minutta, sjølv med høgst respektabelt nivå på Bømlo-laget, som blant anna hadde slått Bremnes 2 heile 10-1 borte i sin siste kamp. Spelarane fann kvarandre med hurtig pasningspel og serverte vakre angrep og gode avslutningar på rekke og rad. Bømlo var ikkje ufarlege og Torstein måtte i aksjon 2-3 gonger med gode reaksjonsredningar for å holda nullen til pause. Det klarte dei og hadde putta 8 før pausen kom. I pausen byttar Torstein med Alen som står andre omgang.

 
Klikk på bilete for full storleik
Torstein – god keeper nr 1

Vi evnar ikkje å opprettholda samme nivået resten av kampen og Bømlo får meir og meir tru på at det skal vera mulig å scora på Trio-laget. Sjeldan har vi sett eit så gira lag på stillinga 0-8 og Triogutane hadde meir enn nok med å holda dei frå livet. Alen følger opp Torstein sitt fine keeperspel i andre omgang og leverer eit par flotte redningar. Spesielt ein der han er nede ved stolpen i full strekk og slår ballen vekk. Meget bra! Vi har vår andel av sjanser i andre omgang også og får satt nummer 9 ved Daniel. Kapteinen vart dagens toppscorar frå forsvarsposisjon.

 
Klikk på bilete for full storleik
Alen – god keeper nr 2

Som alltid fekk alle godt med speletid, minimum ein omgang på kvar. Daniel var igjen dominerande for dei raude og var god frå den tilbaketrukne rolla han fekk. Ellers ekstra skryt til keeperane i dag for å holda nullen på ein dag det var ein del sjanser imot.

Neste tirsdag får vi Trott på besøk til 11ar kamp på Kvednabekkjen og vi håpar Trond Egil Arnesen mobiliserer sine sterkaste menn denne gongen og som dei gjorde i 7ar kampen nyleg på vår anmodning.

Kampfakta, 2. div Hordaland:

Bømlo 7ar – Trio 0-9 (0-8)

0-1 (2min) – Mads (Lars)

0-2 (7min) – Emil (Mads)

0-3 (13 min) – Daniel (Brynjar)

0-4 (17min) – Brynjar (Isak)

0-5 (22 min) – Emil (Mads)

0-6 (24 min) – Daniel (straffe, Marcus felt)

0-7 (27 min) – Emil (Daniel)

0-8 (33 min) – Mads (Lars)

0-9 (52 min) – Daniel (Lars)

 
Klikk på bilete for full storleik
Målsniken frå Sunde – 3 på Emil og i dag

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Emil Voster, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mats Jørgensen, Alen Foric

  

- Tore & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart