Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

'Ran' på Kvednabekkjen

Klikk på bilete for full storleik
 
J12: Trio-Uskedal 1-3. Trio sitt 12-års lag for jenter tok onsdag kveld i mot Uskedal. Dei har eit svært godt lag og er og noko større og sterkare fysisk enn oss. Våre jenter har aldri klart å hamla opp med desse jentene. I kveld var dei usedvanlig uheldige og nære på, og ein glatt ball i regnet var med og gjorde at det i målprotokollen til slutt stod 1-3.
 
Klikk på bilete for full storleik
Margrethe – flott kamp av 11-åringen

Vi hadde snakka om før kampen at om vi skulle ha sjanse mot dette laget måtte vi trø til i duellane så det holdt. Vidare at det ikkje var kroppsstørrelse som avgjorde kven som skulle vinna desse duellane, meir innstilling og vilje. Budskapet satt som ei kule og Uskedal skjønte ikkje heilt kva som traff de utpå banen. Jentene klinka til alle som ein og vann alt av duellar. Spesielt imponerte ein annan 11-åring i kampen om lærkula. Margrethe knalla til og jobba knallhardt for laget sitt i dag. Beste kampen til Margrethe noken gong! 

 
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie – god kamp og fint mål

Vi prøver som alltid å spela ballen når vi får mulighet, men med tøff motstand er det ikkje alltid like lett å få til mange trekk, men det viktige er at vi prøver. Vi får det bra til innimellom, parallelt med at vi har kanon bra struktur og kontroll bakover. Vi skapar noken halvsjansar og noken verkeleg store, før 11-åringen Cecilie tar ansvar på egen hånd. Bryt på Uskedal sin halvdel legg til rette og sett den hardt til sides til særs fortent 1-0 ledelse til Trio. Uskedal skapar ikkje noko som helst heile omgangen, men får likevel ei heldig utligning før pause då ein såpeglatt ball sklir gjennom keeperhanskane og i nettet. 1-1 til pause, særs flatterande for bortelaget.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ragnhild – sikkert og godt forsvarsspel igjen

I pausen fekk jentene ei «skyllebøtte» med SKRYT og vi prata ellers om at Uskedal nok kom til å komma mykje tøffare i neste omgang og då måtte vi vera klare og ta endå fleire duellar. Omgangen er noko jevnare, men bortsett frå eit godt Usk-angrep som endar med eit stolpeskudd, er Trio det førande laget i 25 minutt og jagar noko som ville vore eit usedvanlig fortent seiersmål, men det vil seg ikkje. Så kjem ei lang klarering til ei Uskedal jente som hadde gøymt seg vekk oppe med vårt mål. Ballen kjem heilt fram og vips så er det 1-2 i staden (neste år er dette heldigvis offside jenter og vår måte å spela forsvar på er allerede basert på det). Rett før slutt er vi uheldige igjen då nok ein glatt ball etter ein corner sklir av ein Trio fot på første stolpe og lurer seg inn i nota.  Sluttresultatet blir dermed 1-3.

 

Jentene tar stadig nye steg og har utvikla seg veldig gjennom vinteren og våren. Når dei er dritskuffa (med god grunn) for at dei ikkje slår Uskedal med den jobben dei legg ned, har dei komt eit godt stykke av gårde…..utrulig kjekt å sjå! Masse skryt for prestasjon av LAGET i dag, resultatet betyr tross alt ikkje all verden i 12-års fotball – sjølv om det føles surt å tapa ein kamp ein fører på denne måten (2-3 måls seier til heimelaget hadde muligens gitt eit korrekt bilde av kampen, objektive som vi er, men trenar Roar Musland hos Uskedal kalla det og for «ran» etter kampslutt). Forsvarsmessig har vi det meste på plass no. Jentene er trygge på roller og oppgaver. No må vi jobba vidare med spelet etter sjølve igangsettinga bakfra. Vi må prøva å gje fleire alternativ til backen som får ball av keeper for å forflytta spelet opp på motsatt halvdel. Det er så langt vi er komt, må ta det steg for steg…..

 

Tusen takk til Annie og Cecilie som hjalp oss frå 11-års laget i dag! Vi er svært glade for- og avhengig av å få låna av 11-åringane, ellers hadde vi i dag vore akkurat 7 og ikkje hatt innbyttarar.

 

God dommar var Marcus N. Mathisen frå Trio.

 

No gjenstår 2 kampar før sommarferien. Det er borte mot Rosendal Kvit og heime mot Ternen.

 

Trio sitt lag:

Annie Kloster, Ragnhild Hauge, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Cecilie E. Medhaug

 

- Synne N, Bjørn og Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart