Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Trio - Vadmyra

Klikk på bilete for full storleik
Ronny Hamre. Trios nye toppscorar med 2 mål.
 
Det vart svært stygge siffer då Vadmyra gjesta Husnes stadion på laurdag. Bortelaget ga seg ikkje før dei hadde satt 7 ballar i nota bak Triokeeper Mats B. Ekeland.
 

Lagoppstilling:Mats B. Ekeland, Andreas Charter Røyrvik, Ronny Hamre, Simen Røssland, Saimon G. Tewelde, Andreas Thorkildsen, Futsum Mebrahtu, Håvard Haga, Lars Bernhard Heggøy, Dawit Kahsay, Sondre Myklebust.

 

Reserva:Roger Røssland, Marius Myklebust, Olav Kvandal Myklebust, Warhel Suleman, Vegard Røssland, Eirik W. Eikeland.

 

Trio - Vadmyra 1-7 (1-4)

 

1-0 6min Ronny Hamre.    1-1 7min Fredric Falck.     1-2 8min Falck.     1-3 11min Jarl Henning Nilsen.       1-4 39min Eirik Svortevik.        1-5 56min Falck.         1-6 83min Falck.         1-7 90min Falck

 

Kampen starta på best mulig måte då Ronny Hamre stanga inn ein corner etter bare 6 minuttar spel. Men så stoppa det dessverre heilt opp. Vadmyra stormar i angrep rett etter avspark. Trio står og sover mens Vadmyra utliknar til 1-1. Ein skulle tru at Trio skjerpa seg etter kalddusjen, men bare 1 minutt etter får Vadmyra ein gratismulighet etter ein forsvarstabbe av Ronny. 1-2!! 2 minutt etter får Vadmyra corner og svingar han inn mot Mats i mål. Mats kommer ut og prøver å boksa ballen. Men han slår dessverre i tomme lufta og Vadmyra kan utruleg nok setta inn 1-3 etter bare 11 minuttar spel!!

 

Trio får til slutt summa seg og nullstilt seg etter ei svært hektisk åpning. I den varme sommar sola prøver Trio å etablera eit spel og produsera sjansar. Men rett før pause bryter Vadmyra etter ein stygg feilpassning frå Haga. Vadmyra fossar fram, rundar Mats i mål og legger ut 45 grader. 1-4!

 

4 store personlege feil gjer at Vadmyra får det svært enkel i første omgang. Laga er ikkje så langt i fra kvarandre spelemessig. Forskjellen er at Vadmyra er dyktigare i begge endar av banen.

 

Trio entrar ei flott grasmatta til andre omgang med trua på å snu dette. Men det går ikkje lange tida før Vadmyra får sette inn den berømte spikeren i kista. 1-5 etter 55 minuttar spel og lufta går dermed litt ut av Triolaget. Ein slit med å komma opp i press og ein er på halvdistanse. På tampen av kampen puttar Vadmyra 2 ballar til i nettet. Ein kan ikkje anna en å nevna Vadmyra-spiss Fredric Falck. Når ein scorar 5 mål og legger opp til 1 så fortjener ein å bli nevnt.

 

Sjølv om Vadmyra knuser Trio 7-1 så var ikkje kampen einveiskjørt. Trio var rett og slett ikkje påskrudd. Og når ein møter eit topplag som Vadmyra så blir ein hardt straffa. Det var litt for mange som ikkje hadde dagen dessverre. Denne kampen er bare å gløyma! Det defensive har ikkje vore eit problem tidlegare i år så me satsar på at dette var eit eingongs tilfelle. No må ein bare nullstilla seg og gjera seg klar til neste kamp.

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart