|
Årsverste mot Trott | | | | | G14: Trio-Trott 4-2. G14 tok tirsdag kveld i mot Trott til 11ar-kamp på Kvednabekkjen. Vi var litt reduserte med langtidsskade på Joakim, sjukdom på Lars og G12-kamp på Emil rett før vår kamp. Men fekk som vanlig god hjelp frå Eivind N sitt G13-lag og Yonas frå 01-gjengen. | | |  | | Henning – kjempekamp før skade. |
Med treningsfri dagen i forvegen grunna konfirmasjonsinnskriving, forventa vi spelesugne karar som ga gass frå start. Det var dessverre ikkje slik i dag og gutane fekk til lite eller ingenting av det dei normalt har inne. Likevel holdt det til ein 4-2 siger til slutt mot eit brukbart Trott-lag. ' Første omgang er brukbar. Vi scorar 4 flotte mål etter bra spel og har rimelig god kontroll bakover, der Henning ryddar opp i det som slepp forbi dei andre. Vi blir imidlertid litt for upresise litt for ofte og litt for ivrig på avgjerande pasning. Denne går for ofte rett fram og kunne med hell vore vinkla oftare. For mykje glir inn til keeper. | | |  | | Isak – 2 mål og 1 assist som spiss. |
Litt kaotisk inngang til andre omgang. Daniel må plutselig på do i det vi går utpå og noken akutte rokeringar blir gjort i ein fart. Desse viste seg å ikkje vera dei beste frå oss på sidelinja, i kombinasjon med å ha vår beste spelar og kaptein ute. I alle fall klarar vi i denne perioden å pådra oss ein straffe, ein 5 minuttar og 2 baklengs. Alle lag vil trenga det nivået som Daniel bidrar med, men skal vi måtta sleppa oss så langt ned når han er ute 10 minutt? Henning pådrar seg like etter ein kraftig strekk og må ut i det Daniel er klar igjen. Fryktelig synd med Henning sin skade, la oss håpa han er snart tilbake. Henning er eit stortalent som virkelig har imponert i G14-kampane. | | |  | | Daniel – viktig for G14. |
Det bedrar seg noke etter Daniel sin retur, men vi manglar struktur, krefter og sjølvtillit i laget resten av kampen etter starten på omgangen og for første gang i år ser vi på klokka og lurer på om det ikkje er slutt snart. Vi produserer 4-5 store sjanser i andre omgang, men er lite besluttsomme føre målet. Trott har og sjanser til å redusera ytterligare og vi får vera nøgde med at det stoppa på 2 baklengs i dag. Trott var skikkelig på hugget i andre omgang og fekk trua på at dei kunne ta igjen 0-4. Dei hadde sendt sine beste spelarar (som vi ønska) og hadde 3-4 stk som holdt rimelig høgt nivå. | | |  | | God kamp av Tor Øyvind. |
At vi manglar spelarar og ein del nye inn forklarar noko. Men det forklarar ikkje alle tapte duellar og feilpasningar på 3 meter. Ein god vekkar var det i alle fall. Det er ingenting som kjem gratis i fotball, det krevs alltid hardt arbeid i bånn. Når det er sagt, det er ein god egenskap å vinna kampar på dårlige dagar, uten at vi fokuserar veldig på resultat for tida…… Dei som vi syns skilte seg ut med positivt fortegn i dag var Henning, Daniel, Isak og Tor Øyvind. | | | Neste oppgåve no er Stord 2 borte neste veke, før vi rundar av våren med heimekamp og seriefinale mot Odda fredag 17/6. Kampfakta, KvednabekkjenG14, 2. div Hordaland avd 5, Dommar: Are Ulseth, Trio | | | Trio – Trott 4 – 2 (4 - 0) 1-0 (10 min) – Isak (Assist: Daniel) 2-0 (20 min) – Martin (Isak) 3-0 (22 min) – Isak (Mads) 4-0 (24 min) – Mads (Martin) 4-1 (38 min) – Trott (str) 4-2 (42 min) – Trott | | | Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Tor Øyvind Grundberg, Alen Foric, Yonas Debesay, Henning Thomsen, Erlend Nissestad. | | | | | | - Per Einar og Tore | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |