|
Årsbeste i Rosendal |  | | Softis etter 3-0 i Rosendal. |
| | | | J12: Rosendal Kvit-Trio 0-3. Med June og Ragnhild opptatt med skulearrangement var vi avhengig av hjelp frå J11 i dag igjen. Annie og Cecilie mønstra på og gjorde at vi var 8 jenter klare for 7ar-kamp på kunsten i Rosendal. | | |  | | June Marie – 2 mål og flott kamp |
Kampen minna ein del om oppgjeret mot det andre Rosendal-laget tidlegare i vår som enda med 4-0 seier. Denne gongen stoppa det på 3, men prestasjonen på banen var endå bedre denne fine kvelden med tanke på at vi spelte 3-3 heime i ein heilt jevnspelt kamp mot dette laget for noken veker sidan.
| | |  | | Ingeborg – forsvarssjefen |
Kampen starta som sist med litt oppkava spel der ingen tør å ta ned ballen. Cecilie får tidlig ein smell i kneet og må ut og kvila ei stund. Vi prøvde med 2-3-1 i første omgang i dag (mot normalt 3-2-1). Synna og Ingeborg fekk jobben bak. Dette svekka oss ikkje noke defensivt då Rosendal ikkje skapte ein einaste målsjanse i første omgang, men samtidig skapte vi ikkje all verden trykk framover sjølve heller. Det som var veldig bra var at vi fleire gonger klarte både 3 og 4 trekk etter igangsetting bakfrå og evna å etablere fleire spelpunkt for backen enn det eine ut på kant. Meget bra! Cecilie kjem innpå igjen og vi får gradvis etablert press på heimelaget. Etter 26 minutt får Cecilie ballen sentralt på Rosendal sin halvdel etter fleire trekk i laget. Ho drar elegant av 2 kvite med kvikke finter og bankar ballen i mål frå 10 meter. Flott prestasjon av Cecilie til fortent 1-0 til Trio!
| | |  | | Cecilie – involvert i det meste framover på banen |
I pausen får jentene (som alltid) skryt. Vi ønsker likevel å skapa meir framover og går tilbake til den vante 3-2-1 formasjonen med Synna og Cecilie sentralt. Dette funkar perfekt og vi dominerer sluttomgangen totalt. June Marie aukar til 2-0 etter 2 minutt av omgangen då ho er flink å følga på ein lang ball frå Synna. Så skjer dagens absolutte høgdepunkt med trenarauge (gøy med mål, men…); Cecilie og Synna knekker plutselig koden med veggspel – etter 4-5 trekk seg i mellom er Cecilie fri og på samme avstand som i første då ho scora og treff godt igjen med godfoten høgre. Denne gongen reddar imidlertid (dessverre) målvakta mesterlig. DEN hadde fortent å gå inn, det hadde blitt årets mål!
| | |  | | Synna – feira god kamp med joggetur til Fenafjell etter heimkomst! |
Veggspel var gøy tenker dei 2 Sundejentene og bare 2 minutt seinare er dei svært nær å tråkla seg gjennom igjen. Fantastisk å sjå 2 så unge jenter spela så god fotball seg i mellom og ikkje minst få ei aha-oppleving med å erfara kor effektivt det er med veggspel! Vi skapar no sjanse på sjanse og kunne fort scora 5 til i andre omgang, men det blei med eit tredje og siste, igjen er det June Marie som er på rett plass og puttar sitt andre for dagen. Vi byttar ut forsvarssjef Ingeborg etter dette målet og ved eit øyeblikks manglande organisering etter byttet skapar Rosendal sin einaste sjanse for dagen. Då viser Annie at ho er våken og stuper i beina på Rosendal jenta og avvergar med det mål i mot. Forutan dette var Annie knapt borti ballen i andre omgang etter meget bra forsvarsarbeid av heile laget. Her kan nevnast at Margrethe og Aurora som ikkje spelar mykje forsvar gjorde ein kjempejobb med tett markering og nekta Rosendals-jentene å snu opp. Viktig bidrag i det defensive arbeidet til laget.
| | | Flott LAGSEIER i dag der alle bidrog til ein skikkelig bra prestasjon – og det måtte sjølsagt feirast på tradisjonelt vis på Best stasjonen med softis til både små og store!
| | | Trio sitt lag: Annie Kloster, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Cecilie E. Medhaug - Synne N., Bjørn og Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |