|
Solid bak, ikkje kvasse nok framover | | G15: Vedavåg1-Trio3 3-0. Gutelaget tok turen til Vedavåg torsdag kveld. Trass i strålande ver og vindstilt ved avreise, var det som alltid betydeleg kaldare og dugeleg med vind på langs av banen på Karmøy. Likevel gjorde gutane ein relativt god kamp, sjølv om det vart tap for eit godt lag. | | |  | | Ole Martin var vår bestemann. |
Vi starta kampen bra, og let oss heller ikkje skiple av at Vedavåg scora på sitt første besøk i vårt felt etter fem minutt. Første kvarteret var vi gode og hadde eit visst overtak i spel. Edvin hadde vår beste sjanse, då han nesten fekk tåa på innlegget høgreback Mathias serverte bak forsvaret etter eit godt raid. Så fekk Vedavåg frispark 35 meter frå mål, ute ved sidelinja. Eit lykketreff som godt hjulpe av vinden fauk inn på lengste stolpe. Etter dette var resten av omgangen relativt jamnspelt og sjansefattig. Men rett før kvilen kom sanneleg Vedavåg si tredje scoring. 3 mål på 4 sjansar var rasande effektivt og ein bitter pille å svelge for oss, som hadde levert ein god omgang i sterk motvind.
| | |  | | Tormod hadde god kontroll. |
Vedavåg hadde nokre særs gode spelarar som i periodar viste høge ferdigheiter. Vi demma likevel godt opp for desse og andreomgangen vart relativt sjansefattig. For sjølv om vi var gode bak, klarte vi ikkje å vera kvasse nok i motsett ende. Simen, Benjamin og Mathias fekk kvar sine sjansar, men vi mangla litt både i avslutningar og i å få løp frå kantane til å kome tidsnok og heilhjarta. Dermed endte kampen 3-0 til Vedavåg.
| | |  | | Simen var god som midtstoppar. |
Som sagt var det mykje bra å ta med frå våre karar. Tarmo er tilbake etter brist i ribbein og fekk ein dryg omgang i midtforsvaret. Ekstra kjekt å sjå at Simen, som vart flytta ned som stoppar i andre omgang, løyste den oppgåva særs bra. Med sin fysikk og ballvinnareigenskapar kjem han meir til sin rett der enn på høgrekanten. Elles var Ole Martin veldig solid, og Tormod stødig heilt bakerst. Han leverte også ei fantomredning ein sjeldan ser, i slutten av andre omgang. Ei sikker scoring vart avverga av han, samt Simen som var på plass og rydda unna etterpå.
| | | Ny kamp på måndag, G16-kamp heime mot Trott. Så er det litt tett program siste veka grunna ein kamp Odda utsette før i sesongen. Kampfakta frå Sletten kunstgrasG15: Vedavåg1-Trio3 3-0 (3-0) 1-0 (5 minutt) 2-0 (16 minutt) 3-0 (39 minutt)
| | | Gult kort: Sander Dolonen Brækken
| | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Benjamin Skarveland, Vegard Fausk, Marcus Nilsen Mathisen, Yonas Debesay.
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |