Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ikkje det heilt store

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio4-Trott2 1-3. Gutelaget kom aldri opp på sitt beste i solsteiken mot Trott måndag kveld. Ein litt rotete inngang til kampen med tre forfall og ein henta inn i siste liten og kampen vart litt rotete den også.
 
Vi sliter med heimekampar i solsteik for tida, og klarar ikkje heilt å vise publikum det vi er gode for. Litt ukonsentrerte, litt slurvete og litt lite fokuserte på det vi eigentleg kan mykje betre.
 
Vi er ikkje heilt på hugget frå start av og bortelaget får eit visst overtak. På altfor enkelt vis får dei også 0-1 etter ti minutt. Trott hadde med 4 mann frå sist førstelagskamp, og særleg den lynraske venstrevingen valda oss ein del problem. Så kjempar vi oss meir inn i kampen og har nokre gode tilbod. Keeper måtte slå til corner då Mathias fyrte av med venstre, etter at Sander vendte spelet og sende Mini mot mål. Samson hadde ein god sjanse på volley etter corner, men ballen fauk over.
 
I staden vart det 0-2 etter halvtimen. I enklaste laget det også. Dei rakk også eit skot i tverrliggjaren før pause, medan Sander var veldig nære då han sjølv braut høgt i banen og fyrte laus. Liiike utanfor.
 
Andre omgang var lenge jamnspelt og vi nærma oss mål. Benjamin sette turboen på i bakrom og var såå nær scoring. Men keeperen fekk to fingrar på ballen, og det var nok til at ballen rulla sakte utanfor stolpen. Eirik kom akkurat for seint til å sette inn returen, og vi måtte nøye oss med corner.
 
Men midt i omgangen skulle vi til slutt lukkast. Sander har levert nokre perler tidlegare i sesongen, og fornekta seg ikkje i dag heller. Ein susar klistra i hjørnet frå 25 meter, og det var ny spaning. Men etter dette var det Trott som hadde mest krefter igjen, og ti minutt før slutt avgjorde dei også då dei var raskast til å oppfatte situasjonen etter duell i feltet på corner.
 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var vår bestemann.
Dermed 1-3 og fortent bortesiger. Vi kan betre, men får det ikkje heilt ut om dagen. Tett program no, vi skal til Odda på torsdag og avsluttar vårsesongen mot Stord på laurdag. Best i dag var utan tvil kaptein Tarmo, som viste at han har eit nivå litt over dei andre. Elles leverte Simen og Espen også over gjennomsnittet, og Gaute jobba veldig godt mot den gode venstrevingen til Trott.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio4-Trott2 1-3 (0-2)

0-1 (10 minutt)

0-2 (31 minutt)

1-2 (62 minutt) Sander Dolonen Brækken

1-3 (70 minutt)

 

Dommar: Thomas Størksen, Halsnøy

Ingen kort.

 
Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Vegar Teigen, Espen Aakre Sjo, Tarmo Tars, Gaute Thorkildsen, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Mathias Gjelseng, Benjamin Skarveland, Vegard Fausk, Eirik Kjerpeseth Rusten, Jonas Teigen.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart