|
Knepent tap mot Ternen | | | | | J12: Trio-Ternen 0-1. J12-laget til Trio tok i mot Ternen til vårens siste kamp heime på Kvednabekkjen mandag kveld. Jentene klarte ikkje å komma heilt opp på det nivået dei har vist i dei siste kampane og etter ein heilt jevn kamp vant Ternen til slutt 1-0. | | | Vi såg ganske kjapt frå sidelinja at jentene ikkje var «heilt på» i dag. Der vi mot Uskedal og Rosendal sist vant det meste av duellar, virka det litt som jentene trudde det skulle gå meir av seg sjølv i dag. Det går ikkje mot eit fysisk sterkt Ternenlag som vi hadde slått knepent 1-0 i bortekampen tidlegare i vår. Trio jentene hadde nok hakket meir plan og spel enn Ternen. Men sjølv om uavgjort kanskje hadde vore meir rettferdig, var det ikkje noko å sei på at bortelaget stakk av med seieren. Ternen ville mest og då blir det ofte fortent og i fotball.
| | |  | | Synna var banens beste. |
Ei som verkeleg var «på» i dag var Synna som la ned ein formidabel innsats for heimelaget. 11-åringen Ellen Vigrestad gjorde ein meget bra debut for J12. Imponerande ro med ballen der ho startar mange angrep og flott defensiv jobb. Flott Ellen! Tvillingane Weronika og Wiktoria var og med frå J11 og gjorde ein fin figur. ' På ein dag der vi ikkje er på topp som lag er det viktig å sjå på våren under eitt. Jentene har gjort det kjempebra og har tatt store steg siste 6 månadane. Vi gler oss til Husnes Cup og hausten! Vi avsluttar før sommaren med trening på onsdag.
| | | Trio sitt lag: Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Wiktoria Kondracka, Weronika Kondracka, Ellen Vigrestad (3 siste frå J11)
| | | - Synne, Bjørn og Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |