Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Blanda prestasjon i siste bortekamp

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Stord2-Trio 1-3. Smågutane tok tirsdag turen til Langeland kunstgras for vårens siste bortekamp og motstandar var Stord 2. Vi var kun 11 karar (med 2 keepere) for 11ar kamp og det blei tøft i varmen på Stord. Etter full friidrettsdag i beina for 14-åringane i tillegg blei dei rimelig slitne, men rodde til slutt i land ein 3-1 seier.
 
Klikk på bilete for full storleik
Brynjar – flott 2. omgang sentralt.

Vi var enige om å spela masse ball på fot og på den måten spara krefter. Dette fekk vi kun glimtvis til i 1. omgang mot eit jevnt og godt spelande Stord-lag. Mats sender oss i 1-0 ledelse tidlig etter et gjennombrudd på høgrekanten, etter ein elles noko rotete opning av kampen. Frå vår posisjon ser det ut som den er inne i det Alen dyttar den vidare inn i nettet. Vi produserer 2 mega-sjanser kort tid etter 1-0 og kunne punktert tidlig. Dette er ikkje nok til at vi får festa endelig grep og Stord er heile veien farlige, spesielt på høgrekanten der Martin og Isak fekk mykje å slita med. Bakover manglar vi litt på hurtighet, struktur, kynisme og besluttsomhet og Stord produserer nok av sjanser. Utligninga til 1-1 kjem etter at vi ikkje er kyniske nok i klarering og Stord sett den utagbart i nettaket bak Torstein. Første baklengs for Torstein på G14 i år, etter ca 330 minutt i buret for friskusen fra Husnes. Vi produserer og mest på vår høgrekant og Mats kjem seg fri igjen. Denne gongen velger han å trilla til Emil føre mål og ein enkel scoring for 12-åringen frå Sunde. 2-1 ledelse til Trio etter ein «middels minus» omgang av oss.

 
Klikk på bilete for full storleik
Torstein – nullen sprakk i første omgang, god som stoppar i andre.

Alen går i mål i andre omgang, Torstein inn som stoppar, Brynjar opp sentralt og Lars opp som spiss. Dette viser seg å fungera mykje bedre enn i første. Gutane leverte ein meget bra 20 minuttars periode i starten av 2. omgang. Stord fekk kun sporadisk låna ballen, men då har vi ein heilt anna kollektiv aggresivitet i vårt ballpress og får gode gjenvinningar over heile banen. Spesielt løftar Brynjar seg i meir vant rolle sentralt. Vi får meir balanse sentralt og han bidrar stort spesielt defensivt i denne omgangen. Beste omgangen i år for Brynjar. Kaptein og makker på midten Daniel har dominert stort i kampane i vår. I dag fekk han ikkje dominera som tidlegare i vår, sjølv om han som alltid jobbar og slit godt for laget sitt. Det seier og litt om nivået på motstand i dag.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mats – 1 mål og 2 assist i dag.

Vi skapar i løpet av første 20 i sluttomgangen 4-5 store sjanser, men får kun uttelling ein gong. Ein kopi av mål nummer 2 då Mats finn Emil føre kassa på rett plass. Emil er frisk i dag og vår farligste angriper kampen igjennom. Etter 20 minutt kom det ein drikkepause vi ikkje trengte. Vi rotar det til i forsvar raskt etter pausen og siste 10-12 minutta er vi egentlig tomme og ferdige og gjer ein del merkelige feil. Stord har i denne perioden 2-3 store sjansar som stryk utsida av stolpen og vi er heldig som slepp baklengs. Likevel må det seiast å vera ein fullt fortent 3-1 seier mot eit overraskande bra Stord lag. Kjekt med motstand og kjekt med spelande lag!

 
Klikk på bilete for full storleik
Emil – frisk som spiss og 2 mål på 12-åringen.

Alt i alt ein vel gjennomført kamp av 11 tapre gutar som blei dyktig slitne i varmen. Kjekt med ein pit-stop på McDonalds då…..

På fredag er det siste kamp før ferien med seriefinale mot Odda. Eit poeng sikrar Trio seieren i avdelingen. Vi må då klara oss utan Mats som drar på tidlig syden ferie, men håpar å få Joakim tilbake, samt Tor Øyvind og Yonas. Møt opp og støtt gutane denne kvelden, kampstart er 18.30 fredag.

Kampfakta, Langeland kunstgras

G14, 2. div Hordaland avd 5: Stord 2-Trio 1-3 (1-2)

0-1 (4 min) – Mats (Daniel?)

1-1 (13 min) – Stord

1-2 (32 min) – Emil (Mats)

1-3 (47 min) – Emil (Mats)

 

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Emil Voster, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mats Jørgensen, Alen Foric.

 

Mvh Kjell Arne & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart