|
Herleg siger! | | | | | G16: Trio2-Fitjar 3-2. Gutelaget avslutta vårsesongen med ein herleg siger mot avdelingas nest beste lag. Fitjarbuane leia 1-2 mot slutten av kampen, men Triogutane leverte ein sterk sluttspurt og snudde kampen. | | |  | | Solid kamp av Preben. |
Fitjar er eit velspelande lag som med siger kunne utfordre Solid om tabelltoppen. Triogutane hadde i dag med seg 5 stk frå førstelaget og det gav litt meir pondus framover på banen. Det er lov å låne inntil 5 spelarar. Normalt har vi lånt 3 spelarar, men denne gongen høvte det å låne eit par til, og det gjorde godt sidan motstanden var sterk. | | | Det tok si tid før kampen tok fyr. Førsteomgangen var litt rotete og det var få sjansar i begge endar. Slik starta også andre omgang, og ein måtte nesten midt uti før det smalt. Då smalt det til gjengjeld skikkeleg. Først vart Vebjørn felt og Mathias var nådelaus frå straffemerket. Men Fitjar var ikkje tapt bak ei vogn, og svara med å utlikne fem minutt etter. Og femminuttet etter der igjen gjekk dei også i føring, etter at Dion var noko hardhendt og laga straffe. 1-2. | | | Med 4 minutt att på klokka såg det ut som at bortelaget skulle dra det i land. Dei hadde teke over spelet litt etter leiarmålet og hadde mellom anna eit skot i tverrliggjaren. Men så tok Sander skeia i eigne hender. Han var banens gigant og briljerte med tekniske detaljar og avdriblingar som gav stor jubel blant mødrene på tribuna. Ikkje mangel på sjølvtillit når ein drar fram slikt som midtstoppar. Og han hadde meir på lur. Frå 30 meter drog han fram storslegga og hamra utlikninga i nota! Klasse! | | | Då fekk også Trio blod på tann og i siste ordinære minutt kom også sigersmålet. Ei framifrå scoring der Loc la i støtte før Dion på direkte la ballen inn i bakrommet, der hurtigtoget Nikolai var på farten. Ei kald avslutning og jubelen gjekk i taket. 3-2 og ei herleg avslutning på vårsesongen. | | | Nå gjeld det å trene godt gjennom sommaren, så blir det Norway Cup i august! Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio2-Fitjar 3-2 (0-0) 1-0 (57 minutt) Mathias Grindheim 1-1 (62 minutt) 1-2 (67 minutt) 2-2 (76 minutt) Sander Eik Vevik 3-2 (80 minutt) Nikolai Mayer | | | Tilskodarar: 30, årsrekord! Dommar: Steinar Sæther, Odda | | | Trio sitt lag: Loc Nguyen, Tommy Heimvik, Preben Heimvik, Sindre Lemicka Brix, Mathias Grindheim, Eivind Raudstein Tofte, Nikolai Mayer, Vebjørn Røssland, Ruben Saug, Sander Eik Vevik, Oliver Lygresten, Dion Clifton Attille, Sebastian Blom, Håvard Hope. | | | I tillegg kom Mads og Tristan så fort dei kunne rett frå mopedkurs, og fekk akkurat med seg... at dommaren blåste av kampen :D | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |