|
Litt for tøft | | | | | G16: Odda2-Trio4 3-0. Gutelaget møtte eit Oddalag forsterka med 5 mann frå førstelaget, og det vart ei munnfull for mykje. Litt kjedeleg når dei i øvrige kampar har brukt å stille med ein eller to, men det er ikkje noko vi rår over. Sjølv gjorde vi ein grei prestasjon defensivt, men har litt for lite trøkk framover i banen. | | |  | | Gaute var Trio sin bestemann. |
Odda mønstre nokre sterke spelarar i sentrale posisjonar og desse valda oss ein del problemer. Defensivt klarte vi oss likevel ganske greit. I andre omgang plasserte vi Gaute over på venstrebacken og han klarte også å stagge den gode landslagsspelaren Anna Jøsendal, som gjekk utanpå dei fleste gutane på banen. Gaute var vår bestemann i dag. Offensivt får vi litt for lite trøkk og er litt for ofte upresise når dei enkle pasningane skal slåast.
| | | Odda leia 1-0 til pause, etter ein stygg glipp på corner. Høgaste mannen i feltet kan ikkje få stå udekka på hjørnespark. Fem minutt ut i andre omgang kom ei ny scoring på eit fint angrep, medan 3-0 kom frå straffemerket heilt på tampen, etter at Espen hadde takla i feltet om lag som mora gjorde i glansdagane i forrige årtusen :)
| | | Tett program om dagen, og nå avsluttast vårsesongen med bortekamp på Stord på laurdag. Då er ei handfull av våre reist på ferie, men vi låner med oss nokre kollegaer og skal bite godt frå oss. Kampfakta frå Odda stadionG16: Odda2-Trio4 3-0 (1-0) 1-0 (18 minutt) 2-0 (46 minutt) 3-0 (79 minutt)
| | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Eivind Raudstein Tofte, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Jonas Teigen, Samson Nyrud Uppheim, Vegard Fausk, Vegar Teigen, Yonas Debesay.
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |