Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kjekk dommarsamling

Klikk på bilete for full storleik
 
13 av dommarane våre møtte til dommarsamling på Triohuset onsdag kveld. Oddvar og Are organiserte eit lite tematreff på tampen av vårsesongen. Først var det råd å sjå G16-kamp, for dei som ikkje spelte. Så var det ei teoriøkt på Triohuset, før vi avslutta med å sjå EM-kamp i lag på storskjerm.
 

Vi gjekk gjennom status for dommarane, som tok rekrutterings-dommarkurset for halvanna år sidan. Nokre dømmer aktivt, nokre tek kun oppdrag på førespurnad. Nokre har dømt mykje, nokre berre ei handfull 11arkampar. Vi prøvar å legge til rette så flest mogleg får dømt ein del, og prøvar etter beste evne å følge opp dommarane i einskildkampar.

 

Positivt at dei færraste har gjort seg særskildt negative opplevingar i dommargjerninga. Det er som regel ein god tone på kampar i Kvinnherad. Nokon gonger vil det også bli hardare tak, og det er læring i å kome ut for slikt også. Alt i alt er det å vera fotballdommar noko som er utviklande.

 

Vi såg på ein del videoklipp som viste situasjonar med både hands og taklingar og vi hadde ein god diskusjon rundt kva situasjonar ein må slå ned på for å beskytte spelarar og kva ein skal sjå etter for å vurdere situasjonar med mogleg kort av begge farger.

 

Frankrike og Albania bydde på ein heller keimsam affære i etterkant, tamt både i spel og med tanke på kontroversielle dommaravgjerder. Ein stor takk til Anita Vågen, som hjalp til og steikte pizza for oss medan vi analyserte intrikate dommarsituasjonar.

- AreU

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart