|
Sikra puljesigeren trass tap | | | G14: Trio-Odda 1-2. Smågutane (G14) hadde i praksis sikra seg puljesigeren før siste runde mot Odda, ettersom bortelaget måtte vinna ca 12-0 for å ta igjen målforskjellen. Oddingane virka likevel å vera mest sultne på dei 3 poenga og kunne etter ein god G14-kamp reisa heim med ein fortent 2-1 siger. | |  | Brynjar Vigrestad – Fin debut for G14 |
Første omgang er jevnspelt i høgt tempo utan dei heilt store sjansane. To gode lag som slepp lite til og det vert mykje duellar og midtbanekrig. Odda kjørte ein trear sentralt for å stenga for vår sentrale midtbane med Daniel i spissen og lukkast godt med det. Vi ser det frå sida, men ser ikkje heilt motgrepa. Isak er frisk på venstrekanten og kjører litt karusell med backen, uten at det vert uttelling av det. Mållaust halvvegs. Tor Øyvind får seg ein smell i første og ber om bytte til andre.
| |  | Marcus – årsbeste mot Odda |
I sluttomgangen åpnar det seg meir opp. Emil er gjennom, men åleine med keeper får han ikkje skikkelig dreis på avslutninga. I staden kontrar Odda direkte og etter noko ubesluttsomhet i Trio forsvaret (det er lov å vera litt kynisk av og til gutar!), knallar den raske spissen ballen opp i krysset. Klasse-avslutning. Berre 3 minutt etter vil ikkje Trio-kaptein Daniel vera dårlegare. Han drar ballen med seg innover halvdelen til Odda og ser opp. Bestemmer seg for å lada skuddfoten og for ein treff!!! Ei kanonkule frå 25-30m som smell inn oppunder tverrliggar over ein sprellande keeper. Drømme-mål, kjekt å sjå!
| |  | Daniel – drømmescoring av kapteinen |
Vi slit i forsvar med tempoet til den raske spissen til Odda i heile andre omgang og tidvis også med struktur. Det blir i overkant mykje for Joakim sin fart å rydde opp i og Odda går på ny i leiing halvvegs ut i omgangen. Like etter tar Joakim frispark 2 meter inn på Odda sin halvdel. Han tenker at om Gareth Bale kan scora på Joe Hart frå 35 meter, så kunne han prøva seg herfrå. Eit fantastisk skudd treff tverrliggar og er det nærmaste Trio kjem utlikning. Odda har og ein i stolpen i andre omgang og har vel så mange sjansar som oss. 13-åringen Brynjar Vigrestad fekk sin debut på G14 i dag med et innhopp siste 10 minuttane. Kjekt å sjå at han umiddelbart prøver spela ball slik vi legg opp til. Det heile ebbar til slutt ut med 1-2 nederlag, greit nok kampen sett under eitt. Eit svært lykkelig Odda lag som for første gang hadde besigra Trio sin 2002-årgang.
| |  | Joakim – godt å ha forsvarssjefen tilbake |
Trio mangla lynvingen og løpsmaskinen på høgresida, Mats, til denne kampen. Vi skapar til vanlig mykje gjennom høgresida og savna åpenbart Mats der i dag. Vi hadde imidlertid Joakim tilbake etter 5 veker ute med skade. Godt å ha hurtigtoget fra Utåker tilbake, god kamp av Joakim i dag. Totalt sett manglar vi litt på vårt beste nivå. Fleire av spelarane har ikkje verka å vera i si beste kamp-form siste kampane av vårsesongen, det sprudla meir tidlegare i vår, sjølv om motstandar-nivået var lavare då. Odda framstår som eit jevnare og hurtigare lag enn oss i dag. Vi er og litt for «pinglete» fleire av oss i duellspelet. Det er med og vippar kampen i Odda sin favør.
| | No tar vi fotballferie i 2 veker, før vi startar oppkjøring til Norway Cup. Takk til Are Ulseth som stilte som dommar på kort varsel og dømte svært godt. God sommarferie til alle! Kampfakta, KvednabekkjenG14, 2. div Hordaland avd 5: Trio-Odda 1-2 (0-0) 0-1 (40 min) – Odda 1-1 (43 min) – Daniel 1-2 (52 min) – Odda
| | Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Emil Voster, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Tor Ø. Grundberg, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Alen Foric, Yonas Debesay, Erlend Nissestad, Brynjar Vigrestad.
| | Bilder: Lagbilde Brynjar Vigrestad – Fin debut for G14 (du har kanskje et bilde av han??) Marcus – årsbeste mot Odda Daniel – drømmescoring av kapteinen Joakim – godt å ha forsvarssjefen tilbake
| |
| | -Tore & Per Einar | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |