|
TINE Fotballskule 2016 | | Då er det skuleferie og tradisjonen tru arrangerer Trio då TINE Fotballskule over tre dagar. Måndag 20. til onsdag 22.juni. Fotballskulen er fullbooka til randen og vel så det. Her er litt informasjon for deltakarane. | | |  | | Arkivfoto: Hilde Røssland. |
Frammøte er ved Triohuset i Husnes idrettspark. Skulen startar kl 10 kvar dag, men første dag møter deltakarane kl 09.30, for opprop/registrering, utdeling av utstyr og inndeling i grupper. Fotballskulen er ferdig kl 14.30 alle dagane. | | | Undervegs i fotballskulen går gruppene mellom ulike stasjonar på gras- og kunstgrasbanen. Det vil vera totalt 7 stasjonar, pluss eiga keepergruppe. Det vil vera to økter før lunsj, og to etter. Siste dag er det turneringsspel etter matpausen. Lunsj blir servert i Triohuset. | | | Deltakarane bør ha med fotballutstyr (sko og leggskinn), kler etter verforhold, samt drikke. Dei får utdelt sekk, t-skjorte og ball. | | | Instruktørane møter seinast 09.30, helst noko før. Greitt med ein kaffi medan ein legg slagplan for dagen og fordeler instruktørane. Det blir 2-3 instruktørar for kvar stasjon. Hovudinstruktør får beskjed i forkant kva tema skal vera, og lagar ein plan ut i frå det. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |