 | | 'Klarsynte' Vegar:-) |
Siste vårkamp var tur til Åsane og kamp mot Tertnes. Tertnes hadde bare tapt mot Austevoll og låg på 3.plass. Ryktene fortalte at det var eit godt lag, med raske og robuste spelera, der fleire spela fast for G19 (1.div) og nokre har vore innom A-lagsfotball (3.div). Dette skulle bli ein flott test før Norway Cup og haustsesongen! Litt kluss allereie 5min ut i reisa, då Halsnøytunnellen var stengt grunna ulykke. Ei ferje seinare enn planlagt, gjorde at me måtte springa rett frå minibussen og i oppvarming. Ikkje 100% ideelt akkurat. Tertnes opna kampen best med vinden i ryggen. Etter kun få minutt, så smell det i stolpen bak Vebjørn R.. Dei slo ofte diagonalt i bakrom til hurtige kantspelera, som sjølv Vebjørn H. og Vegar hadde sitt strev med å følga. Dei var ellers svært så robuste i alle ledd og vann dei fleste duellar dei fyrste 10minuttane. Men, gutane jobba seg sakte men sikkert inn i kampen, der spesielt kaptein Erik tok tak og viste musklar, fart og gjennombruddskraft. Dei neste 15minuttane var det Trio/Halsnøy som førte. 25min ut i omgangen bryt me flott på midten. Hurtigtoget Niko starter på kant og får ein nydelig stikkar frå Erik. Niko kikkar opp og ser Marius framfor mål, som bruker fysikken sin til halde motstander unna og plasserer ballen sikkert i mål, 0-1! Nå kjenner me igjen gutsen i laget og like etter scoringa er ein frampå igjen, men Tertnes avvergar i siste liten. Men, Tertnes har langt frå gitt opp. Igjen slår dei i bakrom opp langs venstrekanten. Vingen kjem seg forbi Vebjørn H. og knaller ballen inn framfor mål, der ein angripar set ballen kontant i mål, 1-1:-( 3 minutt etter utlikninga, så får dei corner. Med fysisk store spelera så konsentrer ein seg om å dekke opp inne i feltet. Men, Tertnes har ein innøvd cornervariant, der medspeler møter ute ved hjørneflagget, legg igjen og ballen blir slått ut mot kanten av 16-meteren. Ein spelar hopper over ballen og nestemann smell den i nota, 1-2..Ikkje anna å gjera enn å applaudera utførelsen :-) Gutane har positiv innstilling til at dei kan snu dette i 2.omg. 'Skal bli kjekt å vinna denne kampen til slutt', seier Vegar roleg før ein spring ut til 2.omg - herlig sjølvsikker:-) Og Hoffen veit kva han snakker om. For etter nokre jamne minuttar i starten, så er det tilnærma einvegskøyring dei siste 35 minuttane. Håvard gir Tertnes eit skremmeskot for kva dei har i vente. Langt frispark opp i bakrom, der Håvard smell til på heil volley frå 16 meter og ballen sneier like utanfor krysset. Tertnes sin fysisk sterke midtbane får lite tid med ballen, då Patrick og Erik nå er mykje tøffare i presset. Brudd på brudd, gjer at dei og begynner å sjå noko mørne ut i beina og heng ikkje med i returløp. 12 min ut i omgangen kjem utlikninga. Ballen spretter framfor Erik på 25m og då er da like greit å bare smelle den over keeper på volley, 2-2! 2 min seinare får me straffe etter at dommar meiner Niko blir holdt igjen inne i feltet (eit par bergensera som ikkje var enig...). Erik tar ansvar og legg ballen roleg i motsatt hjørna av der keeper går, 2-3:-) Og bare 4 minuttar etterpå får me corner. Nydelig inn på bakerste frå Erik, der Henning stig til værs og header inn 2-4! Snakk om å snu kampen på 6minutt! (kjenner eit lag som har gjort da før...2005..CLFINALE..) Og gutane bare fortsetjer kjøret mot Tertnesmålet. Mange fine kombinasjoner opp langs både høgre- og venstresida kunne lett resultert i fleire mål. Både Håvard, Niko og Marius har gode mulighetar når dei kjem åleine mot keeper. Niko har vore svært aktiv heile omgangen både offensivt og i returløp. Som mange andre på laget, så har han veldig god kondisjon og ein fandenivolsk innstilling. Når da nærmar seg halvtimen spelt av omgangen viser han dette til gangs. Tertnes vinn ballen og midtbanespelaren deira avanserer framover mot midtstreken. Niko spurter 30m innover frå kant, takler og vinn ballen. Han avanserer til ca 25m frå mål og regelrett banker ballen ned til høgre for keeper, 2-5! Målet gir egentlig eit flott bilete på kva som skil laga i denne kampen. Viljen og positiviteten til å arbeide hardt for kvar einaste ball og dermed ha evnen og trua på å kunne snu kampar. Og dette var når ein allereie leia 2-4. Herlig! Resten av omgangen skjer da ikkje så mykje. Gutane har kontroll og Tertnes kjem bare til eit par halvsjansar etter corner. Ingenting smaker betre enn å vinna kampar på den måten gutane gjorde i dag. Sjølv om ein ligg under, så held ein oppe ein positiv tone og gir alt for å snu kampen. Ein vinn den fysiske krigen når da trengs og gjer kvarandre gode med mange kloke valg framover i banen. Backrekka har god kontroll i 2.omgang, sjølv om Tertnes har ein veldig god og fysisk sterk spiss. Ein bryt foran, har god sikring og har spelera med fart som matcher hurtige angripera (som gjekk trøtte utover kampen). Med relativt jamn spelarstall, så kan me setje innpå friske bein utan å svekke laget nevneverdig. Da er eit stort pluss i forhold til mange andre lag me har møtt. Spesielt på back/kant og framme på topp har me mange som kan gjera ein god jobb. Litt mindre valg sentralt, men når me dei siste 20min vågar å kaste innpå vår 'lille Goliat', Daniel (14år), mot robuste bergensera, så viser han med sin forståelse og teknikk at størrelse ikkje betyr så mykje. Slitne spelera på Tertnes merka nok godt at dei hadde fått ein innpåsliten 'klegg' rundt seg, som og visste å handtera lærkula :-) Flott vårsesong gutar! Nå ventar større utfrodringar til hausten i 1.div. Men, fyrst skal ein til Norway Cup og måla krefter mot 225 andre G16-lag. Målet er A-sluttspel og så tar me ein kamp av gangen, som det så kjedelig heiter. Og så blir da nok relativt sosialt og, som vanleg:-) Pause frå organsiert trening fram til 11.juli, då oppkøyringa mot NC starter. Laget: Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Marius Quam, Nikolay Mayer, Ruben Saug, Marcus Størksen, Håvard Vågen, Oliver Lygresten, Danile Normann og Rasmus E. Sjo. Mål: 0-1 Marius (Niko), 2-2 Erik, 2-3 Erik str., 2-4 Henning (Erik), 2-5 Niko |