|
Husnes Cup-historikk | | | | | Når sommarferien er slutt, går Husnes Cup av stabelen for 16. gong, helga etter skulestart, 19.-21.august. Det blir eit rekordstort arrangement for Trio sin del. Her er eit lite tilbakeblikk på Husnes Cup si historie. | | |  | | Kjell Magnar Eide var grunnleggjar av Husnes Cup i lag med kona Aud Berit. Her presentert i lagsbladet Kontakt året etter. |
Første gong Husnes Cup vart arrangert var i 2001. Kjell Magnar Eide kom inn som leiar i fotballgruppa i Trio i 2000 og såg trong for ei turnering både sportsleg sett og som inntektskjelde. Husnes Cup vart etablert for å få sponsorar med på laget, spesielt SØRAL, og Kjell Magnar og kona Aud Berit var primus motor for å få cupen i gong. Andre sentrale i starten var Liv Kolaas (måltider) og Jan Helge Røssland (sekretariat/økomomi). Om lag 30 lag og 300 spelarar frå store delar av Hordaland var med på første cupen, med klassar i lilleputtårgangane, 11-12 år. Dei første åra vart stundom SØRAL-parken også brukt som bane, i tillegg til Husnes idrettspark, der det den gong berre var grasbanen og ein litt sliten grusbane. Dermed var 30 lag ein passeleg storleik på cupen dei første åra, som årleg gav om lag 90.000 kr i overskot - inntekt som gjekk til bygging av ein sårt tiltrengt kunstgrasbane. (Kvednabekkjen sto ferdig i 2006.) | | | Allereie den gong var rammene for Husnes Cup slik vi kjenner den i dag på plass. Den gjekk av stabelen midt i august, helga etter skulestart, og opna med grilling i idrettsparken fredagskvelden. Overnatting for tilreisande lag var på Undarheim barneskule. Sidan 2001 har cupen vorte arrangert etter same lest kvart einaste år. | | | I 2004 vart det deltakarrekord då ein runda 40 lag og vel 450 spelarar. Husnes Ungdomsskule vart teke i bruk som overnattingsstad i tillegg til barneskulen. | | |  | | Tommy Hauge (9) og Martin Raaness (11) i kamp om ballen under Husnes Cup 2005. |
I 2005 vart cupen for første gong dokumentert på vår den gong flunkande nye nettside. Mange bileter frå arrangementet er å finne på Husnes Cup-sidene. 42 lag var med dette året, som var det første der også lag frå Rogaland (Haugalandet) var med. Med så mange lag med var ein heldig at vergudane viste seg frå si beste side, og arrangementet vart med det veldig vellukka. Dette var elles siste gongen grusbanen var tiltenkt brukt til kampar under cupen. | | |  | | Svein Røyrvik - ansvarleg for både kunstgrasbane og Husnes Cup. |
For året etter, i 2006, sto Kvednabekkjen kunstgras klar til bruk og vi kunne gje eit betydeleg betre sportsleg tilbod til laga som var med. Det gav deltakarrekord med 44 lag, og ein passerte over 500 spelarar med i cupen. Som vanleg var desse fordelt på tre klassar, G12, G11, samt J11-12 år. Svein Røyrvik var ein av dei fremste pådrivarane for kunstgrasbanen og han var også ansvarleg for Husnes Cup i ein del år. Frå 2007-2009 også som dagleg leiar i Trio fotball. | | |  | | Lagleiinga for Trio Sunde-96, med Ordin og John Morten i spissen, var blant mange som søkte ly for regnet i 2007. |
I 2007 var det om lag like mange lag, og i året - som sportsleg sett var eit stort Trio-år med Brann på besøk i cupen og A-laget som vann 3.divisjonsavdelinga si og spelte kvalik om opprykk - vart cupen noko skjemd av store utfordringar frå vergudane. Måltida for dei tilreisande vart servert i salen på Triohuset for første gong. I tillegg hadde vi eit partytelt som folk kunne søkje ly for regnbygene for. I grunnen var det berre ei, veldig lang regnbyge gjennom heile turneringshelga. Grasbanen måtte stengast deler av helga og ein måtte ta i bruk igjen grusbanen for å få avvikla kampane. Eit mindre antal kampar måtte også avlysast, underteikna trur dette er einaste året det har skjedd. | | | 2008 og -09 vart på ein måte eit par mellomår i cupen si historie. Delvis grunna at ein var tynt bemanna på styrenivå i fotballgruppa vart også cupen prega av stagnasjon og sågar tilbakegong i deltakartalet. I 2009 var ein under 40 deltakande lag igjen og vi hadde 6 banar i bruk, tre på grasbanen og tre på kunstgraset. Økonomisk gjekk også overskotet ned. Det var tid for å sjå etter potensiale for forbetringar. | | |  | | Åsane mot Djerv 1919 i G10-klassen (5ar). |
I 2010 utvida vi turneringa med ein ny klasse, då 10-årsgutane fekk plass. Ergo vart det altså ein klasse med 5arfotball, i tillegg til dei tradisjonelle 7arfotballklassane (11-12 år). 12 lag deltok i G10 dette året gav ny totalrekord også, 47 lag med. Økonomisk var det truleg også rekord, med 190.000 kr i pluss. Eit særs viktig bidrag til drifta av Trio Fotball. Are Ulseth var leiar for barnefotballen i Trio og var for første gong sportsleg ansvarleg for Husnes Cup, medan Anita Åkre Hauge kom inn og gjorde ein formidabel jobb i organisering av kiosk og matservering. Og slik har det stort sett vore kvart år sidan. | | |  | | Tøffetoget frå idrettsparken til Husnes sentrum. |
2011 er sist gong vi auka prisen på deltakarkorta. A-kortet som gjev overnatting og måltider vart auka frå 600 til 700 kr, som det framleis er i dag. (Med det må vi kunne seie å vera ein ganske rimeleg cup, når vi måler oss mot samanliknbare cupar.) Med deltakarrekord også dette året (49 lag), vart overskotet også auka med over 40.000 kr. | | |  | | Gneist Komét vann Fair Play-prisen i 2014. Foto: Helge Sunde. |
Ein anna grunn til det var at vi for første gong gjorde arbeidet med fotografering og diplomar internt. Unge Helge Sunde var med som 'hoff-fotograf', noko han har vore kvart år sidan - og diplomtrykkinga vart gjort på dugnad av han og faren, samt opptil fleire i familien. ' Kvart år premierer vi elles eit lag for beste Fair Play-prestasjon. Dette er ein pris som heng høgt, og mange legg stor prestisje i å bli positivt lagt merke til på cupen. Her vurderer dommarane laga dei dømmer, laga sine motstandarar og arrangøren gjer også sine vurderingar undervegs. | | |  | | Ein av mange nøkkelpersonar som er med kvart år: Grillmeister Oddmund Røssland, her flankert av fruen Irene og sonen Roger, som i dag er A-lagstrenar. |
I sekretariatet møter ein kvart år Hanne Larsen og speaker Tor-Johnny Agledal. Desse står for kontinuitet i sentrale rollar, noko som er uvurderleg. Tor-Johnny er flytta til Stord, men kjem kvart einaste år heim og gjer ein forrykande jobb med quiz, speakerteneste og premieutdeling. Og kontinuitet har vi sanneleg også i den tradisjonsrike grillinga på fredagskvelden. Grillmeister Oddmund Røssland har vore med sidan starten og har sin faste gjeng i aksjon. Før cupen i 2013 rekna vi ut at han hadde grilla 8.000 kotelettar på Husnes Cup, så då er det kanskje i år han rundar 10.000 :) | | |  | | Tor Johnny Agledal og Rita Larsen med full kontroll i sekretariatet. |
| . | 2012: Så var det tid for å endeleg passere den magiske grensa for 50 deltakande lag. Tradisjonelt hadde det vore 8-12 deltakande lag i jenteklassen (11-12 år), men dette året var det mange nok til å dele i eigne J11- og J12-klassar. ' Straks Husnes Cup 2013 var over, vart elles spaden sett i jorda for renovering av Husnes stadion. På høg tid, sidan drenering av både gras og løpedekke var særs dårleg. Den gamle raudstubben vart erstatta med moderne løpedekke. | | |  | | 2012: Erik Voster Solberg (som no alt har debutert for A-laget til Trio) i duell med Trotts Olaug Tvedten (som i dag også spelar på J16-landslaget). |
| . |  | | Trio J12 mot Kolnes. |
I 2014 var pågangen så stor at vi hadde med heile 57 deltakarlag. Det innebar at ei handfull kampar måtte spelast fredagskvelden. Det er einaste gongen det har skjedd, og vi fann i framtidige år at det var betre å justere banestorleiken. Sidan har vi hatt 8 banar, jamnt fordelt på gras- og kunstgrasbanen, og då klarar vi å avvikle kampane på laurdag og søndag. Til Husnes Cup dette året sto elles den renoverte Husnes stadion ferdig, med nytt løpedekke, ny drenering på grasbanen, ny tribune og turløype rundt. | | |  | | I opptoget er det mykje kreativitet. Her representert ved Fri-jentene. |
I 2015 nådde vi 60 deltakande lag og då tok vi i tillegg i bruk Husneshallen som overnattingsstad. Då hadde vi kome langt i å utnytte potensialet i cupen, og kunne notere eit overskot på over 60 % meir enn kva vi hadde 5-6 år før, samt ei auke i antal deltakarar og lag på om lag 50 % i same tidsrommet. Om lag 2/3 av deltakarane har innkvartering og måltider i regi av cupen. Då seier det seg sjølv at heile Triofamilien må trø til for at vi skal klare å gjennomføre. Og med mykje positive folk, samt uvanleg snille vergutar, vart 2015-utgåva av Husnes Cup den beste som nokon gong har vore. | | |  | | Simen Røssland, no A-lagsspelar, er klar for å blåse i gong Husnes Cup 2016. |
2016: Ringen er slutta, Kjell Magnar Eide er attende som leiar i fotballgruppa i Trio. Vi nyttar høvet til å sprenge grensene og ha med heile 69 lag fordelt på fem klassar. Det blir vel 640 spelarar, ein auke på 85 frå i fjor. Vi vil ha over 750 deltakarar på cupen med store og små, og det totale innrykket av folk i Husnes idrettspark den helga vil sikkert vera på nær det doble av det. Då er det fullt både på skular, i cupteltet og på banane. Over 170 kampar skal spelast og rundt 20 dommarar skal i aksjon. Vi vonar på ei helg med like strålande ver og like blide folk som i fjor. ' Vel møtt til Husnes Cup 2016, 19.-21.august! | | | - Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |