Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Intern treningskamp

Klikk på bilete for full storleik
Vinnarlaget. Alle foto: Frode Blom.
 
Trio G15 og G16-2 trenar i lag i sommar som førebuing til kvar sine cupar og fredag samla vi dei som var heime til to 7arlag og tok ein treningskamp. Grunna stor mangel på målvakter, plasserte vi foreldra til ein av dei vekkreiste spelarane i kvart sitt bur. Og begge viste seg høgaktuelle for plass i startellvaren til seriestart :)
 
Klikk på bilete for full storleik
Det oransje laget.

Vi spelte over tre omgangar a 20 minutt og dei blåkledde 16-åringane - som var ispedd nokre 15-åringar - dominerte førsteomgangen ganske solid. Det vart med den eine scoringa til Benjamin, då han var frampå på ein retur etter skot i frå Jonas, som elles gjorde ein veldig god kamp i forsvaret. Men spelemessig var overtaket solid.

 
Klikk på bilete for full storleik
Geir storspelte i mål.

Det jamna seg meir ut i spel i den andre omgangen og 15-åringane i oransje kom meir med. Benjamin var frampå igjen heilt i starten, med eit perleskot via stolpen. Praktfullt, slik må du gjere meir av, gut! Så var det jamnt lenge, inntil dei blå scora 4 mål på ein femminuttsperiode. Så svara oransje med to reduseringar før pausen.

I siste omgang var dei oransje hakket betre i spel, men omgangen endte uavgjort. Alex scora det sjuande for blått, medan Tarmo scora det tredje for oransje. Altså endte kampen 7-3 favør blått lag. Nyttig kamptrening på gras for begge lag. Ida og Geir imponerte i kvart sitt mål, sporty at dei stilte opp då alle målvaktene var på reis.

Kampfakta frå Husnes stadion

Blått-Oransje 7-3 (1-0, 5-2, 1-1)

1-0 (4 minutt) Benjamin

2-0 (21 minutt) Benjamin

3-0 (26 minutt) Sebastian

4-0 (28 minutt) Dion

5-0 (30 minutt) Ole Martin

6-0 (33 minutt) Alexander

6-1 (37 minutt) Vegard

6-2 (39 minutt) Vegard

7-2 (43 minutt) Alexander

7-2 (47 minutt) Tarmo

 

Dommar: Are Ulseth

 

Blått: Geir Dolonen-Marthinussen, Alexander Johnsen, Ole Martin Byrknes, Jonas Teigen, Tristan Andre Fredlund, Dion Clifton Attille, Benjamin Skarveland, Sebastian Blom.

 

Oransje: Ida Dolonen-Marthinussen, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Mathias Gjelseng, Marcus Nilsen Mathisen, Vegard Fausk.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart