Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Treningskamp mot G14

Klikk på bilete for full storleik
 
Trio G15 spelte treningskamp mot våre knallgode, eitt år yngre klubbkollegaer på G14. Vi er vane med å få køyrd oss mot den gjengen, og det fekk vi etter kvart i kveld også. Kampen vart spelt over 3x20 minutt på gras, som oppladning til cup. Vi spelte 7ar og ein omgang med 5arball og to med 4arball for å få det så jamnt fordelt som mogleg.
 
Fokus før kamp var på trygge valg rundt igangsetting og det å ikkje sette oss sjølve i vanskelege situasjonar når vi vart sett under press. Det løyste vi godt i delar av kampen, men veldig dårleg i siste omgang.
 
Første omgangen er god frå vår side. Første kvarteret er vi best og har eit bra tak på kampen. Mot slutten kjem G14 noko høgare i banen. Få klare sjansar i begge endar og 0-0 til første pausen.
 
Andre omgang er litt svakare frå vår side. Det jamnar seg ut og blir samstundes litt meir ope i begge endane. Tarmo sender oss i føring tidleg i omgangen, medan Brynjar utliknar når vi unødvendig let dei kome i overtal langs høgrekanten. Tristan svarar med 2-1-scoring kort før ny pause. Også her ser vi tendensen til at vi gjev frå oss initiativet ein del mot slutten av omgangen.
 
Før tredje omgang snakkar vi igjen om trygge valg og å unngå å få brudd i mot med enkle balltap. Men det er nettopp det vi set i gong med. Tre kjappe mål får G14 på denne måten. Fokusen er feil frå vi går på banen. Nokre vil drible og tek hovudlause valg på eigen halvdel. Nokon går rundt og tenkjer på at vi leiar kampen, andre er ukonsentrerte og slitne, og mange har meir å gå på, men klarar ikkje å gå i kjellaren og yte litt ekstra. Til saman blir det veldig skralt og G14 vinn omgangen med utklassingssifre. Dei får verkeleg fart på kula i denne omgangen, men det og er det vi som gjev dei lov til.
 
Det må vi ta lærdom av. Vi tek elles med oss mykje brukbart i starten av kampen, sjølv om kanskje ingen av oss presterer så pass at det treng trekkjast fram i eit kampreferat.
 
Det er framleis to veker til vi reiser på Fjord Line Cup i Porsgrunn, så vi får nytte tida til gode treningsøkter.

Kampfakta frå Husnes stadion

Trio G15-Trio G14 2-7 (0-0, 2-1, 0-6)
1-0 (22 minutt) Tarmo Tars
1-1 (36 minutt) Brynjar Gjerding
2-1 (38 minutt) Tristan Andre Fredlund
2-2 (46 minutt) Brynjar Gjerding
2-3 (47 minutt) Lars Olderkjær Larsen
2-4 (48 minutt) Daniel Normann
2-5 (54 minutt) Brynjar Gjerding
2-6 (59 minutt) Emil Voster
2-7 (60 minutt) Magnus Tera
 
Dommar: Isaac Jørgensen
 
Trio G15:
Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng, Samson Nyrud Uppheim, Vegar Teigen, Vegard Fausk, Tristan Andre Fredlund, Edvin Vågen Bjørgvik.
 
Trio G14:
Torstein Olderkjær, Joakim Heimvik, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Brynjar Gjerding, Isak Mo, Lars Olderkjær Larsen, Emil Voster, Magnus Tera.
 
- Trenar G15, Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart