G14 klare for Norway Cup |
|
| |
| 14-års gutane til Trio er på plass i Oslo og klare for eventyret på Ekebergsletta. Eit følge på totalt 35 med 11 spelarar, føresette og søsken ankom Oslo i lyn og torden og vart dermed anklaga for å ta med regnet over frå Vestlandet. Vi håpar regnet som kom laurdag ikkje ødelegg dei sårbare banane på Ekebergsletta allerede første dag. |
| |
Første kamp er søndag kveld 18.30 mot Gjekstad & Østerøya IF(GØIF) frå Sandefjord. Laget vann 2. divisjonspulja si i Vestfold i vår og rykka opp til 1. divisjon. Vi ventar tøff motstand og ein jevn batalje. Kampen går på kunstgras på Valle Hovin.
|
| |
Mandag skal vi opp mot gutar frå saftbygda Sogndal. Vi er usikre på kva Sogndal 2 står for i 7ar fotball i Norway Cup (dei har 2 7ar lag med). Spennande uansett med lag frå Tippeligaen:-). Kampen mot kvittrøyene frå Sogn går på Ekeberg kl. 15.15 mandag på gras.
|
| |
Tirsdag skal det heile avgjerast i forhold til A- eller B-sluttspel. Kampen mot Brumunddal går kl 15.15 på Abildsø på gras.
|
| |
Gutane er spente på kva som møter dei i ei turnering med over 1600 lag og ny deltagar rekord i år. Vi håpar på å nå eit A-sluttspel, men tar uansett ein kamp om gangen og skal gjere så godt vi kan på det vi forventar blir eit noko ujevnt og dårlig underlag for den type fotball vi ønsker spela.
|
| |
Vi satsar på å gje LIVE-oppdatering frå alle kampane til gutane frå Norway Cup og ønsker dei lykke til i kamp mot 91 andre lag i denne klassen.
|
| |
|
|
| |
For Trio G14, Per Einar Gj. |
| |
| |
|
|
|