|
Første dag på Norway Cup for Trio G16-2 | | | | | Gutane til Christian og Frode deltek på Norway Cup for første gong. Det vart ein tøff start møt råsterke Nordstrand, men stemninga i troppen er på topp. | | | | Vi spelar 11arfotball i serien, men er 7ar i Norway Cup. 9 'mann' er på plass på Engebråten skule på Kjelsås. Og tiandemann er på veg, Preben kjem solbrun og fin frå Syden og forsterkar oss betrakteleg måndag morgon. Frode, Christian og Are er lagleiarar og kunne notere god moral i gjengen. Godt før midnatt var det både stilt og mobilmørkt i klasserommet, imponerande bra for eit g16-lag. | | | Med eigen kamp først kl 13, går turen til Ekeberg for å sjå J14. Jentene bur på same skulen som oss og ein takk til deira sjåfør Are B. som tok ein ekstra tur og svinga oss også opp til Ekebergsletta. Vi har ikkje eigen transport sjølv, men har belaga oss på å bruke kollektivtransport. | | | Så til Abildsø og første motstander, utvilsomt heimelag. Nordstrand er rett nedi høgget frå Ekeberg. Det var eit særs temposterkt og velspelande lag. Vi fekk køyrd oss skikkeleg. To kjappe mål i mot tidleg, før vi kom meir inn i kampen. Alexander hadde ein susar i tverrliggeren. I staden scora Nordstrand igjen og to til rett før pause. | | | Vi hang med i starten av andre omgang og hadde sjansar med eit godt skot frå Tristan, og ein ny susar i tverren frå Alex, på frispark. Men Nordstrand var eit par hakk berre og scora jamt og trutt. Vi gav litt opp mot slutten og det endte heile 0-12. | | | Til i morgon får vi med Preben. Så skal vi bryne oss på internasjonal motstand i tyske Stockum. Det blir spanande. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |