Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God start av G14 i Norway Cup

Klikk på bilete for full storleik
 
G14-laget hadde ikkje kamp før 18.30 på dag 1 av Norway Cup og gutane var rastlause og ivrige etter endeleg få komma i gong med dette som dei har sett fram til i månadsvis. Det vart heldigvis ikkje overtenning og etter ein meget bra gjennomført kamp kunne dei til slutt jubla over 4-1 siger Over Gjekstad & Østerøya IF (GØIF) frå Sandefjord i sin NC-debut.
 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål og godt spel

Vi har vore (og er for så vidt fortsatt) skeptiske til banekvalitet i Norway Cup. I åpningskampen fekk vi imidlertid gleda av å spela på ein meget bra kunstgrasbane på Valle Hovin.

 
Klikk på bilete for full storleik
Joakim - forsvarssjef med 2 målpoeng

Dagens 'game-plan' var i all hovedsak å gå ut på banen og nyte øyeblikket og prøve å få til det vi øver på. Samtidig vera kompakte og aggressive i det defensive. Vi såg umiddelbart at gutane var på og fekk ganske kjapt kula til å gå kjapt og kombinasjonane til å sitta.

 
Klikk på bilete for full storleik
Dagens BB: Daniel

1-0 ved Lars etter assist av Joakim (2min)

2-0 ved Joakim etter at han bryt og går framover og kliner ballen i mål sjølv (8min)

2-1 - baklengs etter langt innkast der vi nøler ein tidel for mykje i boksen og like etter smell ballen i krysset bak Torstein (11min)

3-1 ved Mads etter assist av Daniel (16min)

Pause (20 min omgangar)

4-1 ved Lars etter assist av Daniel (28min)

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av Isak

Alle 11 gutane får godt med speletid og er sveitte etter ein kamp som er på nivå med årsbeste i lange periodar. Til tider glitrande pasningsspel i høgt tempo, utrulig kjekt å sjå. GØIF var eit bra lag som mangla det vesle ekstra for å få eit anna resultat i dag. Dei spelar til hausten 1. div G14 i Vestfold etter det vi veit.

 

Alle spelarane får ros for å vera fokuserte og for å jobba hardt og heile tida prøve på 'det rette'. Ekstra pluss til Lars fremst for 2 flotte mål, Daniel på midt for herrrrrrlig forarbeid til 2 mål og ellers ein meget bra kamp og kaptein som gjekk føre. Konstellasjonen bak med Jokke og Isak fungerte særs bra i dag med litt kortare avstand seg i mellom som vi avtalte før kamp.

 

Mandag ventar Sogndal 2 som i sin åpningskamp 'kokte saft' av Brumunddal med 7-0 siger. Dette kan etter første runde sjå ut som ein gruppefinale og vi må nok minst opp på samme nivå som i dag for å ta poeng frå kvittrøyene frå Sogn.

Følg med frå kl 15.15 på Trio si Facebook side for LIVE-oppdatering.

 

Trio G14 sitt lag under NC:

Torstein Olderkjær, Isak Mo, Joakim Heimvik, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen, Martin H. Arnesen, Marcus N. Mathisen, Magnus Tera, Emil Voster.

 

Tore & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart