|
Solid siger av Trio 2 - alle med sjans på A-sluttspel | | | | | Tre sigrar og ein uavgjort i dagens kampar i Oslo. J14 spelte 0-0 mot Ranheim og har gode sjansar på A-sluttspel. Både G14 og G16-1 tok sine andre komfortable siger og er klare for A-sluttspel. Trio G16-2 kan også gå dit etter 3-1 over tyske Stockum i dag . | | |  | | God kamp av Mads | Trio 2 snudde kjerringa etter stortap søndag. Mot tyskarane var innsatsen på topp frå første spark og vi tok kommandoen i kampen. Nokre gode sjansar før vi fekk ein overgang, der Mathias Grindheim drog seg fri og styrte inn 1-0 med venstrefoten. Det sto seg til pause, vel fortent. | | |  | | To mål av Mathias |
Flott start på andre omgang med 2-0 tidleg. Lekkert veggspel mellom Mathias og Tristan. Mathias gjekk på løp og fekk att ballen i rett tid, før han tippa den stang inn. Utover i omgangen skapte vi fleire sjansar då backane våre gjekk på løp. 3-0 kom på ein slik, og Preben sette inn 3-0. | | | Stockum reduserte på ein fin volley men sigeren var aldri truga. Sterk prestasjon i dag, noko som gjer at vi og Herd begge har 3 poeng på andreplass. Dei har bedre målskilnad, så vi må vinne i morgon for å få til A-sluttspel. | | | Trio sine kampar tysdag: Trio/Halsnøy G16-1: kl 11 mot Faaberg på Rustad03. Trio G16-2: kl 13.15 mot Herd på Ekeberg25. Trio G14: kl 15.15 mot Brumunddal på Abildsø07. Trio J14: kl 16.30 mot Fjellhamar på Ekeberg06. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |