|
Festfotball då G14 gruste Sogndal på Ekeberg |  | | G14 - klare for A-sluttspel |
| | | | G14-laget opna med ein god kamp og 4-1 siger søndag. Mandag skulle dei opp mot Sogndal 2, eit av 2 stk 7ar lag Sogndal har med i klassen. Dei hadde på si side slått Brumunddal 7-0 dagen før og vi venta oss tøff motstand. Gutane klinte til frå start, leia 2-0 før Sogndal skjønte at kampen var begynt og såg seg aldri tilbake. Aldri har dei spelt ein bedre fotballkamp. | | |  | | Manof the Match: Daniel |
Kampen gjekk på ein grasbane utanfor 'park-området' på Ekeberg og var OK kvalitet. Litt høgt gras og liten bane var utfordringar i tillegg til motstandaren i kvitt. Men dette var ikkje dagen for utfordringar. Gutane tok fullstendig kommandoen og laget spelte ein heilt fantastisk bra 1. omgang. Lagkaptein Daniel var 'outstanding' og satte 4 av måla, 2 prosjektil som keeper bare høyrte suset av. Lars satte det tredje innimellom Daniel sitt scoringsshow. Utrulig bra atmosfære og stemning med masse Trio/Kvinnherad folk ringside. Dei fekk i allefall valuta for oppmøtet:-).
| | |  | | Mads er på gang, mål i dag og |
Tema i pausen er skryt for første og nullstilling til andre. Vi rullerar masse på laget og det er kjekt å sjå at vi held fast på 'gameplan' uansett kven som er utpå. Vi gjer også ein god 2. omgang og vinn denne 3-1 og totalt 8-1. Marcus og Mads scorar kvar sitt samt at Mads pressar fram eit sjølvmål etter eit flott angrep. Fort at keeper blir glømt når ein vinn med klare siffer. Torstein har vore god i dei 2 første kampane. Konsentrert og sikker, noken flotte redningar og gode igangsettingar.
| | |  | | Torstein: sikker og god |
Gutta er i form, imponerande førestilling i dag. Brumunddal i siste puljekamp blir ein transportetappe inn i A-sluttspel som ein er klare for allerede. Kampen tirsdag går på Abildsø kl 15.15. Følg med på LIVE-oppdatering underveis.
| | |  | | 6-0 målet kom ved Marcus |
| | | Tore & Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |