Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

To sigrar og to tap

Klikk på bilete for full storleik
Trio G14 vann pulja etter sin tredje strake siger.
 
Midt på treet-dag for Trio på Norway Cup, og det betyr to lag til A-sluttspel og to til B-sluttspel.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio/Halsnøy G16-1 vann pulja etter sin tredje strake siger.
Dagen opna på Rustad, der Trio/Halsnøy 1 tok i mot Faaberg til rein seriefinale i G16-klassen (klasse B, 11ar). Det vart ein tett og spanande kamp, der Faaberg scora alle tre måla. Heldigvis var to av dei i eige mål, så Trio/Halsnøy vann altså 2-1. Det første skal elles Nikolai Mayer ha mykje av æra for med eit flott innlegg, og Faabergforsvararen si heading var praktfull, men diverre for han feil veg. Det andre målet får opplendingane ta den fulle kreditten for sjølve. Uansett ein fortent nok siger etter spel og sjansar, i ein kamp som fortel korleis A-sluttspelet blir: Tett og knallhardt!
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott scoring av Alexander Johnsen.
Trio 2 i G16-klassen (7ar) hadde også sjanse på A-sluttspel, men då måtte ein slå Herd, som hadde like mange poeng, men betre målskilnad før dagens kamp på kunstgras på Ekeberg. Diverre fekk vi ein dårleg start med 0-2 i fleisen nesten før kampstart og gutane var ikkje 'på'. Det kom seg etter kvart, men 0-3 kom før Alexander reduserte. Då var vi på hugget ei stund og Tristan kunne redusert enno ein gong, men traff stolpen. Lufta gjekk nok litt ut av oss då 1-4 kom på siste spark før pause. I andre omgang førte vi spelet meir, men Herd scora omgangens einaste på ei kontring. Ergo 1-5, og vi vart nr 3 i pulja. Det betyr B-sluttspel i morgon.
 
Klikk på bilete for full storleik
4 mål av Emil Voster (12).
Trio G14 hadde ingen problem med botnlaget Brumunddal, og gav seg ikkje før det sto 12-0 på Abildsø. Dette var full overkøyring frå ende til annan, sjølv om Triogutane sparte på krutet. Dermed tre strake sigrar og puljesiger. Det betyr A-sluttspel i morgon.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio J14 fekk køyrd seg.
Trio J14 skulle avslutte dagen med tøff dyst mot knallgode Fjellhamar, som sto med 12-0 i mål på dei to første. Triojentene gjorde ein god defensiv innsats lenge, men det vart tungt når ein sjeldan fekk halde på ballen meir enn nokre trekk. Eit veldig teknisk og bevegelig Oslolag som hadde mange tunge skotføter, vann til slutt heile 8-0. Dermed gjekk Ranheim forbi Trio etter å ha fleska til med 6-1 i sin kamp. Trio endte då på tredjeplass, og tek til takke med B-sluttspel i morgon. Mange skuffa jenter ved kampslutt, men fin læring i å møte eit så godt lag. Blir artig å sjå kor langt den gjengen går i turneringa.
 

Sluttspel i morgon (onsdag)

G16-1: Kl 08:00 mot Sauda på Ekeberg (bane 36). 
Sauda tapte 0-1 for Austrheim, men vann så 10-0 over Oppdal2 og 1-0 over Søndre Land. Austrheim vart nr 3 i 2.div Hordaland i vår (Trio/Halsnøy vann den andre pulja), så Sauda skal få køyrd seg mot våre.
Viss siger: Ny kamp kl 16:30 mot Stoppen eller Stranda på Ekeberg (bane 29). Stoppen SK har tre sigrar og 28-1 i mål(!)
 
G16-2: Kl 14:45 mot Svolvær på Abildsø (bane 5).
Svolvær vart nr 3 i si pulje etter uavgjort mot både Fauske/Sprint (4-4) og Melhus, før det vart klårt tap 0-5 for Drøbak/Frogn. 
Viss siger: Ny kamp kl 20:15 på Ekeberg (bane 44). Kan faktisk bli mot Moster frå Bømlo.
 
G14: Kl 08:55 mot Frøya på Valle (bane 4). 
Frøya er ei øy utanfor Trondheim. Laget vart nr 2 i gruppa med 10-10 i mål(!) Solide sigrar over Skjetten og Farsund, men tap heile 0-8 mot Isfjorden frå Romsdal.
Viss siger: Ny kamp kl 13:50 på Ekeberg (bane 25), mot tyske Vaalserquartier, som lett vann si gruppe.
 
J14: Kl 14:20 mot Skade på Bjølsen (bane 5). 
Skade er frå Lunde i Nome kommune i Telemark. Dei vart sist i si pulje med tre tap og 1-12 i mål. Tapte blant anna 1-3 for Bømlo.
Viss siger: Ny kamp først torsdag.

Morgondagens kampar samla

G16-1...: Kl 08:00 mot Sauda på Ekeberg (bane 36). 

G14......: Kl 08:55 mot Frøya på Valle (bane 4). 
J14.......: Kl 14:20 mot Skade på Bjølsen (bane 5).
G16-2...: Kl 14:45 mot Svolvær på Abildsø (bane 5).
 
Ved avansement:
G14......: Kl 13:50 mot Vaalserquartier på Ekeberg (bane 25). 
G16-1...: Kl 16:30 mot Stoppen eller Stranda på Ekeberg (bane 29). 
G16-2...: Kl 20:15 mot ??? på Ekeberg (bane 44). 
J14 spelar ikkje før torsdag om dei vinn sin første kamp.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart