|
Storspel av Trio 2 | | | | | Trio 2 heng framleis med i B-sluttspelet i Norway Cup. Ikkje noko hangling heller, gutane spelar stadig betre og vann i dag både 16-delsfinale og 8-delsfinalen. | | |  | | Matchvinner Sebastian. | Først var det tur til Abildsø og møte med Svolvær, som også vart nr 3 i si pulje. Det vart ein jamn og intens kamp, truleg ein av dei minst besøkte kampane i Norway Cup si historie. Svolvær hadde 6 supportarar, vi hadde ingen. Det passa våre gutar bra. Vi tok leiinga ved Mathias, men Svolvær snudde til 1-2. Vi jaga utlikning og lukkast til slutt på eit sjølvmål som Tristan og Dion deler æra for. Og fem minutt før slutt vart Sebastian matchvinner. Strålande innsats av gutane, som viste stor vinnervilje. | | |  | | Dion imponerte stort. |
Då vart det ny kamp i kveldingen på Ekeberg. Motstander var Sykkylven frå Sunnmøre. Her leverte gutane ein formidabel kamp og vann fortent 4-1. Rett nok hadde sunnmøringene 2 stolpetreff, men vi hadde over 15 store sjansar. Mathias laga 1-0, som sto seg til pause. Sebastian plass på til 2-0 på eit klasseangrep, før Sykkylven reduserte rett etter. Men vi viste ingen nåde . Alexander auka til 3-1 før Mathias fastsette resultatet til 4-1. Veldig fortent. | | |  | | Storspel av Sindre. |
Då blir det 1/4-finale i morgon kl 15.40 på Abildsø. Motstander blir Vårdal. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |