|
Over all forventning |  | Trio 2 på Norway Cup. Bak frå venstre Christian Halvorsen (trenar), Tristan Andre Fredlund, Alexander Johnsen, Håvard Hope, Mathias Grindheim, Frode Blom (trenar). Framme frå venstre Tommy Heimvik, Dion Clifton Attille, Sindre Lemicka Brix, Sebastian Blom, Mads Olsen. Foto: Are Ulseth (oppmann). |
| | Her er ei oppsummering av Trio 2 si Norway Cup-deltaking. G16-gjengen er strålande nøgde med turen, som vart ei minnerik oppleving både for dei 10 gutane og for oss trenarar. | |  | Solid cup av Tommy. |
Det var slett ikkje sikkert at vi skulle kome oss til Norway Cup. Vi har ikkje all verda med ressursar rundt laget. Ingen foreldre kunne vera med og berre Christian hadde høve av trenarane. Det løyste seg med at Are vart med, og på tampen fekk også Frode ordna seg fri, så han vart med også. Ti av gutane meldte seg på. Vi har spelt 11ar i seriefotballen, men med 12 mann på lista, har vi då trengt å låne frå dei andre laga våre. I Norway Cup vart det 10 gutar og 7arfotball. | |  | Mathias vart toppscorar. |
Transport til Oslo var neste utfordring. Her var vi skikkeleg i beit, då ingen foreldre kunne vera med og vi ikkje har nokon bussjåfør innad i laget. Ein stor takk til ungdomsleiar Svein Egil Heimvik, som jobba hardt og lenge med å finne løysing på transporten til og frå Oslo for oss. Til slutt ordna det seg med minibuss frå Kvinnherad Taxi. Vi ønskjer å rette ein kjempestor takk til Irene Engelsen, som tok på seg transporten att og fram, og reiste heim og tilbake med rutebuss i mellomtida. Utruleg kjekt med folk som ofrar så mykje for at ungdomen skal få delta på cup :) | |  | Tristan har vore på alle treningar i sommar, og viste at slikt betalar seg. |
Veldig kjekt at Rune, Ann Helen, Svein Egil og Line ordna seg nokre dagar i Oslo og fekk med seg nokre av kampane. For medan dei andre laga hadde mykje familie med på turen, var supporterskaren vår heller tynn. Takk til alle frå dei andre laga som stilte og heia dei gongane det høvde seg. Så stor som Norway Cup er blitt, med ein stor del av kampane på andre arenaer enn Ekebergsletta, så er det ei utfordring å ta seg rundt for å støtte dei andre laga våre. Vi fekk faktisk ikkje spelt på sjølve Ekebergsletta før i 7.og siste kampen! Vi prøvde også etter beste evne å stille på dei andre laga sine kampar, ikkje minst jentelaget, som vi budde på skule med og av og til fekk hjelp til transport av, samt at vi samarbeidde med om å finne beste måtar å bruke kollektivtransporten. Vi vart i løpet av veka rett så flinke til å ta oss fram i storbyen med trikk, buss og T-bane :) | |  | Storspel av keeper Sindre. |
Elles hadde vi kjekke dagar på skule på Kjelsås, nærare bestemt Engebråten skule. Det er langt nord i byen, her budde også ein stor delegasjon frå Bremnes. Trivelege kveldar, og elles fekk gutane fridom til å ta seg både til sentrum og til Ekebergsletta på eiga hand. Vi er godt nøgde med ein gjeng ansvarsfulle og pliktoppfyllande gutar, som heldt alle avtalar, og gav beskjed om kvar dei drog og om dei evt vart forseinka. Ingen problem å reise på tur med karar ein kan stole på. | |  | Mads imponerte på backen. |
Det sportslege var ikkje det viktigaste med turen, men når vi skal på banen har vi sjølvsagt full fokus på å gjere vårt beste. Likevel hadde nok ingen av oss, verken spelarar eller leiarar, venta at vi skulle nå så langt som vi gjorde. Her er litt om kampane våre. Det vart heile 7 kampar før det sa stopp, og då fekk i allefall alle spelt rikeleg med fotball. | |  | Dion var formidabel i sluttspelkampane. |
- Første kampen endte med stortap for Nordstrand, 0-12! Sjølv om vi spelte ein dårleg kamp, var det ikkje til å kome frå at motstanden var formidabel. Greit å få det bekrefta med å sjå Nordstrand vinne heile 6-1 i A-finalen også. Dei var i ein klasse for seg.
- Tyske Stockum var neste motstandar. Her vann vi 3-1. Alltid kjekt å møte utanlandsk motstand. Dette vart ein intens slitekamp, der vi var hakket betre i begge endar av banen. Tre klassemål av Mathias (2) og Preben sikra fortent siger.
- Siste puljekampen vart då avgjerande for begge lag om det vart A- eller B-sluttspel. Herd var eit lag vi på ein god dag kunne vore på høgde med, men vi var ikkje påskrudde i starten og kom bakpå med tre kjappe mål i mot. Det klarte vi ikkje å hente inn att, og tapte 1-5. Vår dårlegaste kamp i turneringa.
| |  | Offensivt backspel av Preben. |
- B-sluttspel onsdag og ny kamp på Abildsø: Svolvær var motstandar og dette vart eit forrykande oppgjer, ikkje for dei med dårleg blodpumpe. Vi leia 1-0, dei snudde til 1-2, før vi igjen snudde til 3-2. Sebastian vart matchvinnar få minutt før slutt. Dei to første måla ved Mathias og Tristan. Slike kampar er det ekstra artig å vinne.
- Ny kamp onsdag kveld mot Sykkylven. Det også ein god motstandar, men her var gutane i storslag og leverte vår klart beste prestasjon. Sunnmøringane hadde 5-6 store sjansar, men vi hadde over 15 og vann veldig fortent 4-1. Artig å sjå gutane vise ein slik vinnarvilje, kombinert med både solid forsvarsspel og sprudlande takter offensivt. Mål av Mathias (2), Sebastian og Alexander, sleggo frå Sunde!
| |  | Håvart imponerte med duellstyrke og vilje. |
- Då var i allefall vi trenarar godt nøgde med kor langt vi hadde nådd, men det var tydelegvis ikkje gutane. I kvartfinalen mot Vardal frå Gjøvik vart det nok ein siger. Nok ein gong på Abildsø, som meir eller mindre vart heimebanen vår under cupen. Her var vi igjen solide defensivt og vann kontrollert 2-0 etter mål av Dion og Alexander.
| |  | Alex hadde eit viktig våpen i skotfoten. |
- Så var det semifinale torsdag kveld, for første gong ein kamp på sjølve Ekebergsletta. Motstandar var frå det blide Sørland, Sokndal. I følge rapportane eit veldig fysisk lag, og dei rapportane stemte til fulle. Dette var ein enormt robust gjeng, som spelte på enklaste vis. Det vart kjempa og takla så det lukta svidd, og som regel sparka hardast mogleg til ballen på første touch - enten det var i retning mål eller retning skogen. Sokndal brukte det dei var gode på, og sjølv om vi følte vi var eit betre lag reint fotballmessig, så vann dei fortent 5-1.
| |  | Sebastian var matchvinnar mot Svolvær. |
Dermed var eventyret ute, så nær B-finalen som ein kan kome. Litt skuffa var vi der og då, men vi henta oss raskt inn att og var veldig nøgde med prestasjonen vår i Norway Cup. ' Alt i alt ein veldig vellukka tur, som gjev stor motivasjon for haustsesongen. ' - Helsing trenargjengen, Christian, Frode og Are | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |