380 minutt fotball fram til ein Norway Cup-finale |
 | | Lagbilete frå Norway Cup i lag med ordføraren. |
|
| |
| G14-laget krona ei heilt utruleg veke på Ekebergsletta med åfå oppleva å spela finale i Norway Cup – direktesendt på TV. Vi var så nær, sånær å ta den største pokalen, men måtte til slutt innsjå at Fjellhamar dennedagen vart for sterke. Kaptein Daniel fekk likevel gleda av å heva ein pokal nesten på størrelse med seg sjølv som det synlege bevis på ein fantastiskprestasjon av gutane. Her litt om veien fram til finalen, kamp for kamp frå innsida av laget. |
| |
Kamp 1 (Klasse F / Pulje 19): Trio – GØIF (Sandefjord) 4-1 Forberedt på tøff kamp frå eit 1. divisjonslag frå Vestfold. Vi leverer ein solid kamp, med tidvis svært bra kombinasjonsspel. Slepp lite til bakover gjennom god løpskraft og disiplin i midtbaneleddet. Vi vinn 4-1 og får starten vi håpa på. Rullerer ein god del og alle er i gong med turneringa. Mål: Lars 2, Mads, Joakim. |
| |
 | | Kaptein Daniel i fint driv. |
Kamp 2 (Klasse F / Pulje 19): Trio – Sogndal 8-1 Vi hadde spionert litt på Sogndal sin kamp mot Brumunddal (7-0) og visste nivået vi skulle møte. Gutane er ekstremt «på» frå start og det smell 2 gonger frå Daniel før Sogndal knapt har vore borti ballen. 2-0 før 2 min spelt og ekstrem atmosfære på bane 45 på Ekeberg med mykje lokal støtte for gutane. Dei kjører bare på herfra, aukar til 5-0 til pause. Daniel er gigantisk god i denne omgangen og scorar 4 av 5 mål. Omgangen må vera noke av det beste som er levert av eit Trio-lag til dato. Ekstremt bra og aggresivt ballpress og svært høg kvalitet og tempo på pasningspel og kombinasjonar/bevegelse. Heilt rått. Vi rullerer masse i 2. omgang og alle spelar igjen, men det hindrar oss ikkje frå å auka til 8-1 før sluttsignalet går, mot eit lag som seinare går heilt til semifinalen i vårt A-sluttspel(!) Ein kanonkamp! Måla blei satt inn av Daniel 4, Lars, Marcus, Mads, sjølvmål. |
| |
 | | Ordføraren med nokre av gutane etter kampen. |
Kamp 3 (Klasse F / Pulje 19): Trio – Brumunddal 12-0 Til vår siste kamp i pulja har vi fått følge i bussen av ordførar Peder Sjo Slettebø som har kome til Oslo for å følga laga frå Kvinnherad. Han følger oss i denne kampen og det verkar som han er imponert av det gutane leverer. Brumunddal låg sist i pulja etter 2 kampar. Dei av våre som ikkje har starta i dei 2 første kampane, startar alle denne kampen og spelar masse. Vi får kvilt Daniel og Joakim, dei spelar drøyt 10 min kvar. Det renn inn jevnt og trutt og stoppar på 12. Vi holder fokus bakover og holder nullen for første gang i turneringa. I forsvar spelte Magnus ein svært god kamp. Emil åpnar måkontoen med 3, mens Marcus sett sitt andre for cupen. Vi er klar for A-sluttspel som puljevinnar med 9 poeng og 24-2 i målprotokollen. Mål: Emil 3, Lars 3, Daniel 2, Mads 2, Isak, Marcus. |
| |
Vi ser no litt nøyare etter på sluttspelskjema og det viser til vår glede at om vi fortsett å vinne kampar, vil vi få spele fleire på kunstgras som vi definitivt føretrekker.
Kamp 4 – 1/32-finale: Trio – Frøya 3-0 Vi er av puljevinnarane som må ut i 1/32-finale, mens andre får kvile til 1/16-finalen. Vi møter Frøya, som blei nr 2 i si pulje med 6poeng. Kampen går 08.55 om morgon og gutane har på eksemplarisk vis sove sidan kl. 22 kvelden før og inntatt ein god frokost kl. 07.00. |
| |
 | | Cornertrekk som alltid virkar. |
Vi tar styringa på kampen med ein gong og produserer sjanser på løpande bånd på kunstgraset på Valle Hovin. Vi er imidlertid ikkje like gode i avslutningane som i pulja og Frøya-keeperen er etter kvart blitt skutt både svett og god. Vi anar ein viss tendens til uro og utålmodighet hos gutta ettersom minutta går og ballen ikkje finn veien inn i nettet. Så, like før pause spelar Martin fri Mads og han sett ballen sikkert i mål. Rett etterpå får vi ein korrekt straffe som Daniel sett knallhardt nede ved stolpen. 2-0 til pause. Vi føler oss langt frå trygge på denne stillinga, men slepp lite til bakover. Vi kjører stort sett korte cornertrekk med 2 spelarar, då det er langt mellom høge hovudspelarar i feltet :) |
| |
 | | Oppvarming. |
Plutselig ser Daniel at Marcus er ledig før mål og slår ein hard lav corner til han og Marcus sett inn det betryggande tredje målet. Vi cruisar inn denne leiinga og alle bidrar igjen på banen. Mål: Mads, Daniel og Marcus. |
| |
 | | Torstein er til å stole på. |
Vi er no komt så langt som vi muligens kunne ha lov å tru og håpa på før avreise. Alle 11 gutane har vore på banen i samtlige kampar og alle har starta minst ein. Anslår at alle spelte minst 40% av tida. Dette var viktige forutsetningar for oss før vi reiste. Når banane viser seg å vera mykje bedre enn det vi frykta før avreise, ser vi at her ligg muligheter for å komma langt om gutane fortsett å prestera på samme nivå. Dei er åpenbart i god form. For å kunna vippa kampar til vår fordel herifrå imidlertid, er nivået så høgt at vi må velga dei som vi meiner til ei kvar tid kan løysa utfordringane på banen med hensyn til fysikk, løpskraft, hurtighet, etc. Det blei ein form for bonus der alle gutane kunne få ein unik mulighet til å oppnå ei flott plassering i Norway Cup. |
| |
 | | Sliten Mads med pokalen. |
Kamp 5 – 1/16-finale: Trio – Vasselquartier (Tyskland) 1-0 Vi forventa ein knalltøff kamp og veit at her kan vi fort ryke ut. Tyskarane vann pulja si med 9p og solide 37-2 i målforskjell. Dei framstår «tyske», fysisk robuste, stor løpskraft og hurtighet og sjølvsagt som alle tyske lag vi kjenner - godt organisert. Vi får drømmestarten då Mads etter eit praktangrep gjev oss 1-0 før minuttet er passert. Dei neste 39 minutta blir ein stillingskrig som krev enormt med innsats, løpskraft og hurtighet. Torstein i mål, Joakim/Isak bak og Mads/Daniel/Brynjar på midtbanen løyser dette på ein fantastisk god måte og frå sidelinja tør vi ikkje rokkere ein tøddel på dette som dei utpå har så god kontroll på og samtidig verkar å ha godt med krefter. Viser at vi er nødt for å ha den løpskraft og det tempoet på banen for å stoppa tyskarane. Mister vi tempoet kjem vi i ubalanse og vi vil få trøbbel umiddelbart. Martin løyser av Lars på topp uti andre omgang. Ein lettelse å høyre sluttsignalet og ein fortent 1-0 siger – vi er klare for 1/8-finale! Mål: Mads. |
| |
 | | Glade målscorarar etter 3-2 over Herd. |
Kamp 6 – 1/8-finale: Trio – Oppdal 3-0 Oppdal slo ut Bergen Nord med 2-0 i sin kamp. Vi er tilbake på banen vi slo Sogndal og hadde gode minner derfrå. Kampen mot Oppdal bølgar litt fram og tilbake i starten og det virkar litt nervøst. Etter 10 minutt tar det imidlertid fyr. Samme cornervariant som mot Frøya og denne gong er det Mads som møter det harde legget frå Daniel og setter inn 1-0. Minuttet etter tar Mads et raskt innkast høgt i banen til Daniel på løp inn i eit Oppdal-forsvar i ubalanse. Han er litt heldig då han i stor fart får krangla den inn til 2-0. Dei to turboane Mads og Daniel var ikkje ferdig med det. Bare minuttet etter 2-0 er det klart for 3. No serverer Daniel og Mads puttar enkelt. 3-0 står til pause etter noken farlige Oppdalsjanser på slutten. Torstein er imidlertid god og våken på det som kjem. Det er ikkje all verden då vi viderefører vår arbeidsmoral og gode defensive jobbing frå forrige kamp og Oppdal gir etterkvart opp. Vi vinn klart med 3-0 etter 2 mål av Mads og ett av Daniel. Alle 11 er utpå og bidrar til avansementet til KVARTFINALE! |
| |
 | | Lunsj i Ekeberghallen. |
Kamp 7 – Kvartfinale: Trio – Herd 3-2 (e.e.o) Sett i ettertid møtte vi det klart beste laget i turneringa i denne kampen. Herd er ett svært godt lag frå Ålesund-området og fungerer (som for eksempel FKH) som en «sone-klubb» for talent frå heile Sunnmøre. Dette skulle vi opp mot, med gutar frå Utåker til Uskedal. Egentlig ein 'David mot Goliat'-kamp. Slik starta det også. Herd briljerte og dei hadde 2-3 offensive spelarar som drilla oss og vi var skikkelig rysta. Dei kom seg fri i midtbaneledd og det gjorde at dei etablerte 2 mot 1 situasjonar mot våre forsvarar Joakim og Isak som måtte velge mellom markering eller ballfører. Aldri enkelt….. |
| |
 | | Lars får god dekning på TV2. |
Vi er sporadisk framme og på eit frispark frå Daniel smell det i aluminiumen bak Herd-keeperen. Men Herd malte bare på og etter eit kvarter speler dei oss heilt ut ved 2 anledningar, vi kjem under 0-2 og hang så definitivt i taua. Så, like før pause får vi muligheten og vi lar oss ikkje be 2 gonger. Mads kjem seg laus på høgresida, finn Lars føre mål og 1-2 rett før pausesignalet går! I pausen snakkar vi om at vi må holda ballen i laget meir, vera meir tålmodige og venta på sjansene som garantert kjem. Bruka tida med ball i laget til å kvile, ikkje ensidig slå opp på spiss og dermed bidra til et tempo som slit oss ut. Brynjar må ut med skade og Emil kjem inn på venstrekant i jakta på mål. Gutane utfører planen til punkt og prikke og vi spelar ein strålande andreomgang. Det er mykje jevnare utpå der enn i første og det bølgar meir. Vi trillar ball via Torstein ved fleire tilfeller og samlar krefter til dei avgjerande situasjonane kjem. Herd spelar på samme måte heile tida og tar ikkje innover seg at dei her faktisk står i fare for å ryke om ei utligning kjem. |
| |
 | | Kule gutar. |
Joakim får seg ein kraftig smell og er og svært sliten no. Men viljen er fortsatt enorm. Like etter har Herd ein utrulig dobbelsjanse med ein i tverrliggar og ein «feber» frå Torstein videre i stolpen. Vi takkar for at vi har marginane med oss med å gå rett i angrep og ballen blir spelt ut til 12-åringen Emil på venstre kant, 10-12m frå mål med Herd i litt ubalanse. Han kliner til med høgre innside og ballen går inn i langhjørnet til keeper. Vi har tatt igjen Herd og det står 2-2! Med Torstein i toppslag bakerst og enorm guts utpå av gutta holder vi nokolunde greit unna til full tid og det blir 2x5min sudden death. Gutta får masse skryt i den korte pausen og det virker som heile gjengen har stor tru på at dette skal vi faktisk ta. |
| |
Vi fortsetter i samme stil i 1. ekstraomgang, er tålmodige og ventar på muligheten. Så skjer det ganske så kjapt: Spillvending framover mot venstresida. Ballen kjem trillande mot Emil på ca14-15m. Minner litt om 2-2 målet, bare litt lenger hold og at Emil denne gang ikkje kunne skyte med høgre fot. Men skyte ville han og knaller til på direkte med venstre. Kanontreff med strak vrist og ballen suser inn ved stolperota i korthjørnet. Tida står stille et par tiendel, så tar det fullstendig av då alle skjønnar at kampen er over og ein faktisk har klart å snu kampen og slå ut storfavoritten frå Ålesund. Vanvittig jubel og glede, spelarar og publikum stormar mot Emil og landar i ein stor haug. Et magisk øyeblikk som vi aldri vil gløyma! Totalt utslitt og glade er gutane klare for SEMIFINALE i Norway Cup. Mål: Emil 2, Lars. |
| |
 | | Brynjar med pokalen. |
Kamp 8 – Semifinale: Trio – BESA FC (Makedonia) 2-1 Svært god restitusjon etter kvartfinale, gutane sov som steinar før kl 22 om kvelden. Heilt avgjerande for å kunna yta i semifinalen mot BESA FC (Makedonia), med 9p og 37-2 i mål fra pulja og 7-2 i kvartfinale mot Sykkylven. Brynjar blir ikkje speleklar og helten frå kvartfinalen, Emil, fortsett på venstrekanten. Etter ein litt rotete start der vi mister ball på egenhalvdel ved nokre tilfeller, tar vi gradvis over og festar grep på kampen. Midtvegs i omgangen slår vi (som vanlig) til på høgrekanten. Mads blir spelt fri og 1-0 til oss! Vi har god kontroll med defensiv disiplin og ein god Torstein bak. Det glipp ein gong, etter godt kombinasjonsspel frå BECA og eit fint mål. 3 minutt før pause får vi gult kort på Emil då han forfølger ein ball mot keeper og viser knottar då han slenger foten fram. Det betyr 5 minutt med ein mindre på banen. Vi endrar presshøgde frå ekstremt høgt til veldig lavt umiddelbart og klarer av kjøret til makedonarane i 3 minutt, 1-1 til pause. |
| |
 | | Stolte trenarar. |
Vi rir også greit av dei 2 første minuttane av sluttomgangen med Emil fortsatt ute. Fulltallige flyttar vi laget umiddelbart høgare og begynnar å produsera sjanser igjen. Mads har ein stor før Daniel finn målsniken Lars og han er sikker som banken på den gode pasningen, 2-1 til oss med ca. 10 minutt igjen! Vi jobbar som heltar nok ein gong og har god kontroll på makedonerane. Torstein har stålkontroll og rensker unna det som slepp gjennom. Daniel og Mads får beskjedom å holda/balansera med 3-4 minutt igjen. Tida går fryktelig seint i det vi ventar på sluttsignalet. Det kjem og jubelen bryt laus, Trio er klar for sin første finale i Norway Cup nokosinne! Både kvartfinale og semifinale har kosta utrulig mykje krefter og det er kun 3,5 timer til finalen skal gå. Gutane «joggar ned»og så får vi dei umiddelbart tilbake for kviling og spising. |
| |
 | | Lars og Joakim med pokalen. |
Kamp 9 – Finale: Trio – Fjellhamar 3-4 (e.e.o) Finalen vart sendt på TV2 og det virkar som «heile Kvinnherad» har sett den. Skal derfor ikkje omtala forløpet her for mykje i detalj. Gameplan var å bruke den store banen til å spele ball på fot og unngå å bruke for mykje krefter på unødig springing gjennom å holde ballen i laget. I starten klarer vi ikkje heilt å følge plan. Vi ser umiddelbart at fleire er slitne og ikkje heilt på vanlig max-nivå. Vi slår meir langt enn vi hadde planlagt. Fjellhamar spring meir enn oss og tar fortent 2-0 leiing. Vi slår imidlertid tilbake denne gongen og. Vi klarer å bedra presset noko og får gunstige brudd. Vi snur til 3-2 etter eit fantastisk hattrick fra Lars. Fjellhamar utlignar og det endar med ekstraomganger på stillinga 3-3. |
| |
 | | Nøgde gutar på veg heim. |
Mads, Isak og Lars går heilt tom og må ut. Martin og Marcus kjem inn og Mads er klar igjen etter litt kvile. 4 minutt før vi kunne heva seierspokalen i lag med vår motstandar, scorar Fjellhamar og det endar med sølvmedaljar for dei heroiske Triogutane. Skuffa der og då, kjempefornøyde og stolte i etterkant! |
| |
Totalt scora gutane 39 mål og slapp inn 9 på desse 9 kampane. Måla fordelte seg slik: Lars: 11, Mads: 9, Daniel: 8, Emil: 5, Marcus: 3, Isak: 1, Joakim: 1 1 sjølmål. |
| |
 | | Ein nøgd lagleiar Larsen. |
Gutane har vore heilt utrulige på alle måtar gjennom turneringa. Det sportslige har blitt behørig omtalt allerede. Vel så viktig er det sosiale, oppførsel og adferd utenom fotballen. Vi er mektig imponert over samhold, oppførsel og disiplin på dei avtalar som har vore gjort før og under turneringa. Dette har uten tvil vore med og bidratt avgjerande til at laget kom heilt til ein finale, spesielt i dei 3 kampane som blei avgjort med minst mulig margin. Oppi det hektiske programmet med eigne kampar fekk gutane og støtta alle dei andre Triolaga i enkelte av kampane deira. |
| |
 | | G16 støtta laget på ein flott måte. |
Takk for opplevelsen og dei utrulige øyeblikka!
- Tore & Per Einar |
| |
 | | På seierspallen etter finale i Norway Cup. |
|
| |
|
|
|