Før kampen ligg Trio sist på tabellen med beskjedene fire poeng, mens dagens motstandar kjempar i toppen med sine 22. Men etter ein tøff haustsesong vil Trio gjera sitt for å snu kjerringa. Med Eivind Saghaug, George Onasaka og Åsmund Voster på plass er troppen styrka med to gamle kjenningar, og laget er klare til å revansjera det knipne 2-1 tapet frå i vår. Så det er berre til å leita fram paraplyen og ta turen ut i sommarvêret og heia på Trio i sin første kamp etter ferien. |