Trio hadde fleire gode sjansar i første omgang, og i mange tilfelle var det Eivind T. Saghaug sin presise fot som var opptakta, anten på frispark eller i form av gode framspel og innlegg. Det lovar godt for haustsesongen. George Onasaka, Håvard Haga og Andreas Røyrvik hadde alle gode målsjansar, men i dei siste ti minuttane av første omgang kom Frøya meir med i kampen utan at det resulterte i farlege sjansar.
Då dommaren bles laga inn til pause så hausta gutane applaus frå publikum. Dette var det beste A laget har levert på heimebane så langt i år. I pausen gjorde Trio to byter. Ut gjekk Emanuel og Charter og inn kom Simon og Lars B.
I andre omgang var det mykje jevnare mellom laga. Frøya hadde kanskje blitt vane med underlaget for dei flytta ballen mykje raskare og dei byrja å produsera sjansar. Men det var Trio som kunne jubla først. Ein godt slått corner fra Eivind fant pannebrasken til Åsmund Voster og han kunne stussa inn sitt første Triomål på to år. 1-0 til Trio!
Kampen bølga mykje fram og tilbake og baneforholda blei i tillegg verre. Nokre av gutane sleit med festet og burde kanskje vurdera å investera i sko med skruknottar.
Då kampen nærma seg 70 minutt så fekk Frøya corner. Inne i feltet sleit Trio med å få ballen vekk. Tre mulighetar fekk me og då ballen på merkeleg vis havna inne i feltet igjen etter klareringsforsøk nr. 3 så takka Skutle for tilbudet med å brassa ballen i krysset frå 7 meter.
1-1!
Dei siste 20 minuttane var nervepirrande. Begge lag hadde store sjansar til å ta ledelsen. Ein god Eirik Eikeland i mål og ein god porsjon flaks hindra Frøya å scora fleire mål. Frøya var kanskje nærmast med eit stolpeskudd og 2 bommar på åpnet mål. Men Trio hadde også store sjansar. Spesielt då Åsmund tok eit av sine mange sugande løp fra midtbanen og inn i motstandars 16 meter. Ved 2 anledningar fekk han ballen men skota hans havna lika utanfor. Sondre Myklebust fekk også muligheten inne i boksen men skotet hans sklei av foten.
Det enda derfor med 1-1. Sjøl om det var topp mot bunn i dag så kunne ein ikkje sjå det igjen på banespelet. Trio spelte til tider ut avdelingsfavoritten og når ein ikkje kan registrera eit einaste skot på mål fra Frøya i første omgang så veit ein at ein har gjort ein god omgang. Hausten ser no lysare ut. Men me har mange bortekampar igjen. Klarer ein å stabla samme mannskap på bortebane så kan det bli kjekke turar til byen.
-Henrik L. Røssland-