Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Marginane i mot

Klikk på bilete for full storleik
Nytt draktsett og ny sponsor for haustsesongen: Kvinnherad Elektro. Bak frå venstre Vegar Teigen, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Samson Nyrud Uppheim. Framme frå venstre Anders Solheim Dyrhaug, Eirik Kjerpeseth Rusten, Ole Martin Byrknes, Yonas Debesay, Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Jonas Teigen, Vegard Fausk,
 
Resultatmessig vart Trio G15 si deltaking i Fjord Line Cup i Porsgrunn i helga heller svak, men marginane var små og det ville seg ikkje framom mål. I tillegg var vi heile 17 gutar i troppen og for ei helgeturnering med eit 11arlag, byr det på utfordringar. Men det var ein veldig kjekk cup på eit kompakt anlegg med gode grasbanar.
 
Som sagt heile 17 'mann' på tur, berre Benjamin hadde ikkje høve til å vera med. Vi endte opp med at to stk sto over kvar kamp, likevel er 15 spelarar å byte på til ein 2x20 minutts kamp vel mykje til å innarbeide ein stabil formasjon. Speletida vart elles fordelt etter treningsframmøte og -innsats, og ingen bør ha noko å vera misnøgd med der.
 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel var vår bestemann i helga.
Det var rekordstor deltaking i cupen og vi var først sett opp med kamp allereie før kl 17 fredag ettermiddag(!) Heldigvis fekk vi denne utsett til kl 19.20, slik at vi rakk oss ned i nokolunde god tid før kamp. Første motstandar var då Eidanger, eit lokalt lag. Dei var vi betre enn på alle moglege måtar, bortsett frå på resultattavla ved kampslutt. Eidanger scora på sin einaste store sjanse, der keeper Tormod vart overrumpla av eit høgt skot. Sjølv hadde vi 5 gode sjansar, der Daniel sine to åleine med keeper var dei største. Men det vart med nesten. Daniel viser stor framgang og var vår bestemann i turneringa. Utan tvil den som skapte mest offensivt, både som ving og indreløpar.
 

Laurdag morgon kl 08.30 var det ny dyst, då mot Begby frå Fredrikstad, som hadde varta opp med kalassiger i første kamp. Dette var eit godt lag, men vi gjorde også ein solid kamp bakover og nekta motstandaren nesten fullt og heilt å kome til sjansar. Difor var det surt då Begby fekk nettkjenning på corner tre minutt før full tid. Vi flytta oss høgare i banen etter det og Sander fekk ein kjempesjanse, som han diverre dundra over mål.

 

Ny kamp allereie kl 11. Kamp om 3.plassen i gruppa mot Nord-Odal, som skulle vera ein overkommeleg motstandar. Her leverte vi imidlertid veldig dårleg, og ein del av forklaringa på det er at ein del spelarar øydela nattesøvnen til resten natta før. Slikt er unødvendig. Vi ønskte å satse offensivt og ha fokus på prestasjonane i angrepsspelet, men heile laget virka rett og slett utmatta. Det vart ikkje den driven vi ønskte.

 

Kanskje var det og ei feilvurdering å satse så pass offensivt, men vi får sjå på det som nyttig læring. Vi vart i allefall kontra i seink av eit par raske angriparar som tok oss på farten vi ikkje hadde bak utover i kampen. Midtstoppar Espen måtte ut tidleg med ankelskade, og då Ole Martin vart flytta ned for å ta over den rolla, tok det ikkje mange minutta før han også måtte ut. Uansett, 0-4 var eit flaut resultat mot ein ordinær motstandar. Vi var ikkje eingong ordinære i denne kampen.

 

Då var fotballdagen over allereie kl 12. Sluttspelet starta først søndag, og vi nytta ettermiddagen til ein tur i Skien fritidspark. Kjekk tid for store og små i basseng og anna, medan nokre av oss hygga oss i kaffikroken i staden. På kvelden var det så meir fritid, som gjekk med til damer og eit svært diskotek.

 

Til kvartfinalen i B-sluttspelet søndag morgon, gav troppen seg sjølv, då Jonas, Eirik og Espen ikkje kunne spele. Sistnemnte meinte at sidan han måtte stå over med hoven ankel, burde resten av laget spele med sørgeband. Motstandar var Ølen, eit lag vi faktisk har spelt mot ein gong før, i ei treningsturnering før fjorårssesongen. Vår keeper Tormod har elles ei mørk fortid som ølensbu og klassekamerat med ein del av dette laget.
 
Kampen vart intens og jamnspelt, og sjansefattig. Mållaust etter første omgang og medan Ølen kanskje hadde eit spelemessig overtak utover i andre omgang, var det vi som scora først. Vi hadde snakka om at backane måtte bidra framover og skape overtalssituasjonar på sidene. Samt at dei også måtte kome til innlegg. I tillegg skulle motsett kant sjå desse moglegheitene og kome inn framom mål. Kva passa vel betre då enn at venstreback Mathias kombinerte opp langs sida si, og la inn i feltet, der motsett kant Edvin dukka opp og scora. Herleg!
 
Diverre utlikna Ølen fem minutt etter på eit indirekte frispark 12 meter frå mål. Usikker på kvifor dei fekk frisparket, men når vi stiller opp ein sveitserost av ein mur, var det ikkje overraskande at 1-1 kom der. Dermed ekstraomgangar, som det ikkje vart mykje av. Vi fekk eit gulkort og fem minutts pause, så då vart det mest å sørge for at det var tett bakover. Kampen gjekk til straffekonk, og her scora vi på to og bomma på to. Det var eitt mindre enn Ølen, som følgjeleg sikra avansementet. Kjedeleg måte å ryke på, men ei spanande erfaring som vi ikkje har vore borti før. Uansett, då var det berre å pakke i bilen og vende nasen heimatt. 
 

Ein stor takk til vår gode bussjåfør Are Uppheim og til Ørjan Sørtveit, som var med og overnatta på skule med gjengen. Og til dei mange foreldra som tok turen og støtta oss. Ein veldig triveleg gjeng å fera på tur med :)
 
Sjølv om vi er 15-årsgutane i Trio, skal vi no slutte å omtale oss som Trio G15. Dette av di 14-årsgjengen skal overta kampane i G15-serien i Rogaland i haust, medan vår gjeng spelar som Trio 4 i G16-klassen. I tillegg til å låne ut til G15 og G16-2, rett nok.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart