Lagoppstilling:
Eirik W. Eikeland
Eivind T. Saghaug, Åsmund Voster (C), Futsum Mebrathu, Marius Myklebust
Simen Røssland, Håvard Haga, Martin Veastad, Andreas Thorkildsen, Georg Onasaka
Sondre Myklebust
Reserva:
Christopher Lemica Brix, Vegard Røssland, Roger Røssland
Trott - Trio 2-0 (1-0)
1-0 15min
2-0 90 min
Trio gjorde ein svært god heimekamp sist helg då dei til tider spelte ut topplaget Frøya. Det blei bare med det eine poenget men Trio såg sterke ut. Det var derfor ein viss optimisme å spora då laget reiste over fjorden for å møta Trott. Men pga skulestart og charter-tura reiste ein kun med 13 utespelera.
Trott starta kampen best og var det dominerande laget dei 15 første minuttane. Trio ga fra seg eit unødvendig frispark i farleg posisjon og Trott fekk sendt opp dei høge stopperane sine. Dårleg markering førte til at Trott fekk stanga inn 1-0.
Resten av omgangen var jevn der begge lag hadde sine sjansar men ingen av laga fekk satt ballen i nota.
I pausen omrokerte Trio litt på laget. Ein såg at det var mulighetar dersom ein stod høgare med laget og ein flytta derfor løpsmaskino og kaptein Åsmund Voster fra midstoppar til midtbane. Simen Røssland gjekk ned som midtstoppar.
Trio stod bedre i andre omgang og stressa Trott høgare i banen. Det likte Trott svært dårleg og gjorde mange feil i sine bakre rekker. Men Trio sleit med å trenga gjennom eit godt Trott forsvar. Ein er ikkje langt vekke dersom ein seier at Trio hadde 20 dødballar. Men det er ikkje utan grunn at Trott leder tabellen. Dei har kun sluppe inn 4 mål på heimebane på 7 kampar. Dei vant stort sett det som var å vinne av duellar og andreballane vant dei stort sett og. Litt for stilleståande og fantasilaust i angrepsfasen gjorde det også til at Trott var farlege på kontringar.
Trott skulle kanskje vore redusert til 10 mann i det 60 minutt då ein Trott spelar med gult kort tok tak i Eivind etter halsen og kasta han i bakken. Dommar valgte å halda korta i lomma og Trott fekk fortsetta med kampen med 11 mann. 1 minutt etterpå valgte Trott å bytta ut den samme spelaren som overfalt Eivind.
Trio fortsatte å stressa Trott høgt i banen og ei scoring låg i lufta. Trott stod i mot det voldsomme Triopresset og fekk kontra i det 94 minutt. Trio vart utspelt og i staden for ei fortjent Trioscoring så var det Trott som fekk setta spikeren i kista. Dommaren bles av kampen lika etter.
Trio gjorde ein svært god andre omgang denne torsdagen. Rapportane seier at Trio dominerte omgangen. Eit skår i gleden er at Futsum fekk seg ein trøkk i foten og er muligens ute eit par veker. Trenarteamet ønska å trekka fram Haga som Trios beste spelar denne kampen. Han har virka solid dei to siste kampane noko som ikkje er så rart sidan Haga er ein gammal Solid-spelar. Okay.. God helg Trio-vener!
-Henrik L. Røssland-