Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G-13, 1.divisjon Åsane – Trio Laurdag 20.09.16

Klikk på bilete for full storleik
 
Så var dagen endeleg kommen og gutane skulle få sin elddåp i 1.divisjon. Bortekamp mot Åsane på Myrdal kunstgras. Høyres i utgangspunktet skremmande ut og gutane hadde også mykje respekt og mange sommarfuglar i magen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sindre stilt sporty opp på kamp med Husnesgjengen

Avreise frå Husnes kl.08.30 og avspark kl.13.00. Spelargruppa er dessverre vorte noko redusert og det var berre 12 gutar som reiste til Bergen. Dette er litt i minste laget når me spelar 9àr fotball.

Kampen starta med baklengsmål allereie etter 2 min, då stod me på sidelinja med bange anelsar for korleis dette skulle gå. Etter 5 min vart det balanse i rekneskapet då Sindre Opsanger, for anledninga innlånt frå Valen/Sundelaget, utlikna til 1-1. Kanskje dette skulle vere overkommeleg likevel?

 

Me slepp dessverre inn 2 til baklengsmål i 1.omgang. 2-1 etter 14 min og 3-1 etter 19 min. Begge desse måla kjem etter rot og tull bak i eigne rekker. Me vert knallhardt straffa for å ikkje å klare å spele oss ut. Åsane står høgt og låser backane våre og kjem tidleg opp i press. Vala som med å vel å ta vert me straffe hardt for. Me skal prøve å spele oss ut, då må pasningskvalitetenvere på topp og bevegelsen rundt ballføraren også vere bra. Det kan me ikkje seie at me lykkast heilt med i 1.omgang.

Etter desse hendingane vel me å løyse utspela ved å spele ballen lenger. Erlend går inn og tek dødball utspel for å få ballen inn på Åsane sin banehalvdel. Dette går betrakteleg betre.

Før 2.omgang vert me einige om at me berre må fortsetje å prøve, men at alle må jobbe meir og vere villig til å ha det vondt. Trio reduserer til 2-3 etter 42 min, ved Stian på eit flott skudd.  Etter 49 min står det 3-3. Denne gongen er det Erlend som klinkar eit frispark i mål. Kampen bølgar litt fram og tilbake før avgjersla fell 5 min før slutt. Eit langt utspel frå deira keeper og me klarer ikkje å ta ut nok dybde. Dei vinn duellane og ballen endar til slutt i nettet bak Andreas. Kampen ebbar då ut med eit 4-3 tap.

 

Kampen sett under eitt gjennomfører  laget ein middels prestasjon. Respekten for nivået er for stor. Respekten for motstandaren er også for stor i tillegg til at enkeltspelarar ikkje leverer opp mot det som ein kunne forvente. Det var første kampen og det vert ein tilvenningsfase for laget. Det som er viktig for oss no er å nullstille og vise at dette nivået har me inne. Småfeila må lukast vekk og det må gjerast meir kyniske valg.

 

Laget i dag: Andeas Sele, Erlend Nissestad, Stian Martiniussen, Henning Thomsen, Brynjar Vigrestad, Sondre Kvernenes, Sindre Opsanger, Nicolas Pedersen, Steffen Sørtveit, Mads Petterson, Margus Tera og Christian Tofte.

 

Eivind N.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott mål av Erlend
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart