Haustopning på Sotra |
|
| |
| J14: Nordre Fjell/Nest-Sotra-Trio 2-3. Blide jenter på tur te Sotra. Sjølv etter mange timars køyring var det ein eigen glød over jentene i dag. Og for ein kamp! |
| |
Jentene jobbar knallhardt på midtbanen i dag, og det er til tider eit nydeleg angrepsspel som utspelar seg. Fleire jenter har gode skot på mål, blant anna Frida etter flott pasning frå Sofie, men skotet er rett utanfor mål. Jentene har god kontroll på ballen og spelet første omgangen, og særskild Jannike storspelar! Diverre scorer NFNS på den eine målsjansen dei får og tek leiinga. Kjempesurt. Jannike får løn for strevet på slutten av omgangen og set 1-1 etter framifrå spel frå Jenny til Sofie til Jannike.
|
| |
| I pausen får jentene ein beskjed: fortsett som i første. Det er noko stort på gong....
|
| |
Og dei pangstartar: Cecilie tek ballen med seg i frå forsvar dreg seg fram på høgre sida med eit flott innlegg til Hedda som scorar. Hedda kjempeglad, har kje scora sidan inne cupen. Hedda hadde og ein strålande dag; tek alle utspark og med litt justering med å få kroppen bak ballen kontrollerer ho alle utspark i frå motstandarlaget. Ida viser seg og fram på venstresida og får eit skot rett utanfor.
|
| |
| Men NFNS gjer seg ikkje. Ein periode presser dei hardt og Kaja får til to nydelige redningar. Etter klarering spurter me fram i angrep og jammen tek ikkje Celina fram slegga og dundrar inn 3-1. For ein gjeng! For ei dame!
|
| |
| Sofie har og eit par gode sjansar framføre mål, men det sit ikkje heilt i dag.
|
| |
| På slutten av kampen ramler me bakpå og NFNS scorer når det nermar seg slutten. Litt meir spenning enn me ynskjer...etter ein fantastisk kamp, der samtlige jobbar og dreg i land ein lagseier kan det fort ryke med eit lite bestemt forsvar og ein sliten midtbane som ikkje har krefter te defensiv jobbing.
|
| |
| MEN me klarar det og dreg i land sigeren. Endå blidare jenter på heimveg, og seieren vart feira med tre-rettars på McDonald!
|
| |
Nordre Fjell/ Nest Sotra- Trio Mål: Jannike, Hedda og Sofie.
|
| |
| |
|
|
|