|
Friske bein etter ei travel helg! | Etter ei fantastisk helg på Husnes cup frykta vi tunge bein under haustens første seriekamp for Trio J12. Vi hadde ingen grunn til å frykta noko som helst. Etter helgas fem kampar er vi på hugget frå første stund! | |  | Pep-talk før kampen! |
| Vi fekk ein god start og var samspelte første halvdel av kampen. Trio jentene dominerte spelet utan tvil. I kjent stil spelte Ingeborg eit solid og kontrollert forsvarsspel, Aurora holdt ho med godt selskap og det var ikkje mange ballar som gjekk forbi dei to sterke jentene i dag. Dei er og flinke å få ned ballen og spela seg roleg ut av forsvar. Spissane til Rosendal kunne vere noko forstyrrande, og midt i første omgang henta Rosendalsjentene seg godt inn igjen i kampen og gav oss god motstand, ingenting skulle komma gratis. Her nytta det ikkje å sova i timen. | | |  | Nok ein flott kamp av Cecilie! |
På midtbanen byrja Margrethe, Synna og Cecilie(J11). Trioen spelte godt og serverte mange solide pasningar framover til Leah og June Marie. Det viktigaste er jo ein gang antall mål, urettferdig av og til,men i dag fekk Trio det første målet etter eit fabelaktig spel av jentene. Cecilie jobba hardt, sendte ballen vidare til Margrethe, som vidare brukte Synna Ho vippa sympatisk ballen vidare til Leah som er treffsikker og klinka ballen i mål, rett før Torstein (dommar) blåste til pause! Kjempe timing, godt å gå til pause med ei leiing, 1-0 til Trio. | | | |  | Synna, dagens spelar! |
I andre omgang fortsatte Trio å dominere spelet, mykje bra spel til tider! Ellinor spelte stort sett midtbane og er flink tilå skape breidde i spelet. Vi er heldige som får låne solide J11 jenter.Victoria har god kontroll i mål, og hadde fleire flotte redningar. Ho er også flink til å få spelet kjapt i gang igjen. Utover i omgangen skapar vi fleire sjansar, med mykje stang-ut! Midt i vårt dominerande spel vakna Rosendal og satte kursen mot målet vårt. Stillinga vart brått 1-1 og Rosendal var tilbake i kampen. I staden for å gå på ein smell måtte vi henta oss kraftig inn igjen. | | June Marie visar god kontroll med ballen og jobbar som ein helt. Ho spelar godt saman med Cecilie og skapar fleire gode sjansar utan at vi får fleire mål. Synna er som alltid flink til å jobba over heile midtbanen og hjelper både bakover og framover under heile kampen. For ein kapasitet! Den jenta spring non-stop heile kampen. | | | |  | God dommar i dag, Torstein Olderkjær, G14. |
På tampen av andre omgang fortsett Cecilie med fine takter, ho serverer ballen på gullfat til Margrethe som er vaken og sterk i kroppen og klinkar inn neste mål for Trio. 2-1 til Trio, og jentene jublar velfortjent! Eit kjempe mål av Margrethe som trossar eit vondt kne og trykker til i duellane og vinn mange ballar. | | | | Ingen store sjansar etter dette, men Trio hadde god kontroll heilt til slutt. Torstein blåste av tre minuttar etterpå! Bra jobba jenter, vi gler oss alt til neste kamp! | | | | Bjørn & Frøydis Mathisen | | | |  | Glade jenter tøyer ut etter seier mot Rosendal svart |
| | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |