|
Start på haustsesongen | | Då er haustsesongen i ferd med å rulle i gong for fullt. Her er litt om laga i ungdomsavdelinga. | | | G16 Førstelaget Trio/Halsnøy 1 tok andreplass i vårens 2.divisjon, noko som medførte opprykk til 1.divisjon. Der skal ein i haust gumle kirsebær med dei beste gutane, og motstandarar blir dei beste laga i Hordaland, som Gneist, Fana, Brann og Fyllingsdalen. Stallen til Bjarte og Verner tel om lag 14 mann, då tre av spelarane vel å ta steget ned på toarlaget i haust. Ein solid start med besøk av vårens beste G16-lag i Hordaland sist helg. Gneist stakk av med ein knepen 3-2-siger på Halsnøy. | | | Andrelaget endrar namn frå Trio 2 til Trio/Halsnøy 2, slik at også Halsnøy sine spelarar kan delta på dette tilbodet. Vi frykta eit visst fråfall i gruppa på 12 gutar etter Norway Cup, men det vart ein skikkeleg positiv happening og gutane er meir gira enn nokon gong. I tillegg til at tre frå 1argruppa kjem inn, har også nokre førtidspensjonerte gjort comeback, og trenarane Christian og Frode har hatt eit formidabelt frammøte på treningane så langt i haust. Ein har no ca 16 stk i stallen og det gjer at medan vi ser andre lokale klubbar vi kan samanlikne oss med trekkjer lag på G16-nivå, så er faktisk vi fleire spelarar i haust enn vi var i vår! Det er eit godt skussmål! | | | 15-årsgjengen (2001) utgjorde i vår Trio 3 (i G15-klassen iRogaland) og Trio 4 (i G16 Hordaland). I haust bemannar gutane kun sistnemnte, sjølv om laget til Are framleis er 18 spelarar. Det bør likevel bli godt nokmed speletid for alle, sidan ein også skal låne ut til andre lag. Fysisk sett får ein brynt seg som reint 15-årslag i 16-årsklassen, men dette får ein iallefall igjen for til neste år. Totalt sett er vi framleis mange nok av 15-16-års gutar til å bemanne 4 lag, men grunnen kjem i neste avsnitt. | | | G15 Laget Trio 3 i G15 Rogaland blir nemleg overteke av 14-årsgutane våre. Dei har hatt eit altfor lett tilbod i vår i lokal 14-årsklasse, og for at desse gutane skal få brynt seg meir, skal dei spele kampane til Trio 3. Det var eit visst samarbeid rundt G15-kampane i vår også, men no tek G14-trenarane Per Einar og Tore over laget. Sidan vi ikkje har så mange 14-årsspelarar, vil dei i kampane låne ein del 15-åringar. Også på trening samarbeidast det litt for å ha eit godt sportsleg opplegg, ved at 8-9 av 15-åringane trenar ein gong i veka med fjortisane. | | | G14 Følgjeleg blir laget vi hadde i G14-klassen trekt frå serien, sidan det sportslege utbyttet i denne avdelingane ikkje var tilfredsstillande. | | | G13 Smågutelag har vi likevel. I G13-klassen har vi to. Trio 1 skal i haust spele i 1.divisjon, og får tøff motstand i Bergenspulje. Eivind og hans «menn» er allereie i gong med haustsesongen og fekk ein heiderleg start med 3-4-tap borte for sterke Åsane. | | | Trio 2, som er gutane frå Valen og Sunde, spelar i 2.divisjon i Sunnhordlandspulje. Her har kretsen vore ute med eit oppsett, men lagar no eit nytt der dei deler 9arlaga og 7arlaga i ulike puljer. Begge våre lag i G13 er elles 9ar. | | | J14 På jentesida har vi berre eitt lag i sesongen 2016. Det er J14 og dei spelar i 2.divisjonspulje med motstandarar langvegs frå. Dei vart vane med turar til bydn alt i vår, no er det auka på med motstandarar heilt i frå Sotra. Litt fascinerande at med tre J14-lag frå Kvinnherad, så har fotballkretsen sørga for at dei er i tre forskjellige avdelingar, alle med motstandarar i Bergensområdet. Vi får håpe på ein betre geografisk profil neste år. Jentene våre går i allefall til oppgåva med rak rykk og vann sin første kamp borte på Sotra sist helg. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |