|
G15: Bremnes - Trio 3-3 |  | God start på hausten av 14-års laget |
| | Trio sine 14-åringar reiste torsdag til Bømlo for å spela sin første 15-års kamp i G15-serien i Rogaland. Første kamp med 40 minutt omgang og 5arball for flesteparten. Bremnes hadde ikkje avgitt poeng heime før denne og då kan vi ikkje anna enn å vera nøgde og stolte over å klara 3-3 og ta med eitt poeng heim, sjølv om vi leda både 2-0 og 3-1 og hadde 4-1 i nota. | |  | Daniel ruvde og scora 2 praktmål |
Vi går ut i vanlig 4-4-2 og med ambisjon om å spela mykje ball langs bakken og igangsetting bakfra. I 20 minutt spelar karane praktfull fotball med uttallige trekk og eig ballen. 2 flotte mål puttar vi og tidlig i kampen. Eit drømmetreff på halv volley frå kaptein Daniel frå ca 25m og ein vakker scoring av Ole Martin frå 18m der han curlar ballen nesten i venstre kryss med høgrefoten. Vi brenn større sjansar enn måla og har veldig bra kontroll. Vi blir dessverre litt overmodig etter at Bremnes skyv opp eit svært høgt press og ikkje tillet at vi trillar ball bak. Vi sett oss sjølv sjakk matt på ei igangsetting på høgrebacken og plutselig har vi gitt Bremnes tru på det med ei enkel redusering. Bremnes er deretter best siste 10 av omgangen og er nær utligning spesielt ved ein anledning. Vi rir av 2-1 til pause. | |  | Flott kamp av Lars |
Vi evnar å ta tilbake initiativet og spelet vårt i opninga av andre. Eit flott angrep blir avslutta med at Mads trillar ut til Daniel som på overlegent vis plasserer ballen hardt med innsida i langhjørnet, utagbart for keeper. 3-1 ledelse, men vi er ikkje trygg for Bremnes er store og raske og heile tida farlige. Så kjem ein situasjon som blir kampavgjerande; etter eit flott Trio angrep avsluttar Mads frå skrått hald og keeper gjev retur. Lars kjem bakfra inn i feltet og sett ballen kontrollert i mål. Ein generelt svak dommar gjorde dessverre sine største feil mot Trio og her annullerte han feilaktig for offside. Med 4-1 her hadde det vore game over.... | |  | Brynjar god mot tøffe Bremnes gutar |
Men Bremnes gir seg ikkje og dessverre glipp det på 2 dødballar midt i omgangen og vi er like langt på 3-3. Vi er litt 'nybegynnarar' når det kjem til å forsvara oss på dødball og vi blir ekstra sårbare når vi spelar mot større gutar. Siste 10 har vi 2 store sjansar til å avgjera, men det vil seg ikkje for hverken Lars, Emil eller Magnus. Alt i alt ville det nok vore fortent med borteseier etter spelets gang. Vi spelte i alle fall mykje meir «ball» enn heimelaget, sjølv om ein ikkje får poeng for det. Men det er utviklande og vi skal også på dette nivået prøva å vera tru mot måten vi ønsker spela på. Det skal gutane ha ros for i dag, vi prøver stort sett heile veien, sjølv om vi «juksar» noken gonger når vi er slitne og feiar ballen av gårde. Forståelig det. Ein god prestasjon mot bra motstand av gutane var dette uansett. | | Vi hadde 15 gutar med i dag og det var nesten i minste laget slik det utvikla seg med litt skader på fleire. 15-åringane Ole Martin, Tarmo og Simen bidrog flott inn i laget og vi ser fram til å få hjelp av «store» 01-modellar utover hausten. 12-åringane Isak og Emil stod overfor sin største utfordring til dato, men begge klarte seg som vanlig heilt på linje med 14-åringane utpå der. Men tøffare er det sjølvsagt mot 15-åringar enn ein del 14-års lag vi møtte i vår. Daniel var som vanlig sjef på midten og briljerte med 2 flotte mål. Lars putta ikkje i dag, men leverte spelemesssig sin beste kamp til dato. Brynjar stod og heile kampen etter skade i NC og løyste 3 forskjellige posisjonar på ein god måte. Ellers spelte Magnus ein god kamp som stoppar. | | Neste oppgåve er heime mot Åkra torsdag 1. sept på Kvednabekkjen | | Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Emil Voster, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H.Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Alen Foric, Ole Martin Byrknes, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie. | |  | Ikkje mange som kom forbi Magnus i dag |
| | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |