|
Tøft på Bømlo | | | | | G16: Bremnes-Trio4 9-0. 15-årsgutane våre får tøff motstand i ein del av kampane i 16-årsklassen i haust. Vi møtte Bremnes2 i vår, men no var det førstelaget og reint 16-årslag. Som venta vart det i tøffaste laget mot spelarar som var større, sterkare og raskare. | | |  | | Espen er skada og var med for å heie og leite etter Pokemon. |
Vi mangla også eit par sentrale i dag, men gjorde likevel ein ok førsteomgang. Det sto 3-0 til pause og noko var det å rette på. Særleg at vi for lett og for ofte gav frå oss ballen og fekk brudd i mot på eigen halvdel. Dei to første måla kom på denne måten. Men elles kjempa vi godt og Daniel var nær å score på eit innlegg som keeper trudde han kontrollerte betre enn han gjorde.
| | |  | | God innsats av Sander. |
Det hadde regna mykje også på Bømlo, og ausa ned ein del under kampen også. Det medførte at ei elles god grasmatte vart tung og glatt og det var slitsamt for oss som berre mønstra ein innbyttar. Likevel gjorde vi ein grei andre omgang og første halvtimen heldt vi god stand. Sander hadde ein susar av eit frispark i tverrliggjaren, og han var også regissør då vår største sjanse kom. Sander runda på høgre sida og tredde ballen inn bak forsvaret, der Benjamin var på farten. Diverre varta keeper opp med ein flott parade.
| | |  | | Solid kamp av Tarmo. |
Siste ti minutta var vi ganske så tomme for krefter og Bremnes sprang oss i senk og scora 4 nye mål. Dermed vart det stortap med heile 9-0, men altså likevel ein del positivt å ta med seg frå første 70 minutta mot ein sterk motstandar, som nok kjempar i toppen av avdelinga i haust. Visstnok har også Odda redusert frå to til eitt lag og har dermed sine beste i denne avdelinga i haust, så det kan bli ein del tøffe oppgjer.
| | | Sander og Tarmo deler på bestemannspremien i denne kampen. Vi heng ikkje lenge med hovudet etter dette. I allefall ikkje når det vart kveldsmat frå Pizzabakaren på fergo heimatt :) Kampfakta frå Sentralidrettsanlegget grasG16: Bremnes-Trio 4 9-0 (3-0) Mål etter 7, 16, 27, 57, 61, 70, 75, 78 og 80 minutt.
| | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Samson Nyrud Uppheim, Tristan Andre Fredlund, Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Vegard Fausk.
| | | Innbyttar: Vegar Teigen, samt at ein skada Espen Aakre Sjo var med som moralsk støtte :)
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |