Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Trio - Nordre Fjell 2-0

Klikk på bilete for full storleik
Haustens formlag? (Foto:Rune Grønstøl)
 
Triotrenar, Aleksander B. Ekeland, gjekk før kampen ut i media og lova 3 poeng mot Nordre Fjell på laurdag. Håvard Haga og debutant Nikolai Mayer sørga for at Aleksander ikkje vart ein løgnhals.
 
Klikk på bilete for full storleik
Haga fortsette å spela godt og noterte seg for nok eit mål på laurdag.(Foto: Rune Grønstøl)
Klikk på bilete for full storleik
Debutant og målscorar Nikolai Mayer.

Lagoppstilling:

 

Eirik W. Eikeland

Warhel Suleman, Eivind T. Saghaug, Åsmund Voster (C), Marius Myklebust

Håvard Haga, Simen Røssland, Andreas Thorkilden, Simon Korttila, George Onasaka, Sondre Myklebust

 

Reserva:

 

Christopher Lemica Brix, Andreas Charter Røyrvik, Emanuel Onasaka, Nikolai Mayer, Dawit Kahsay, Simon Tewelde Gebreslasie, Erik Voster Solberg

 

Trio - Nordre Fjell 2-0 (1-0)

 

1-0 10.min. Håvard Haga (str.)

2-0 90 min. Nikolai Mayer

 

Før sommarenferien stod Trio bokført med kun 4 fattige poeng etter 11 kampar. Etter sommarferien har Trio sanka lika mange poeng på 3 kampar.

 

Trio starta kampen best og etter kun 1 minutt kunne Trio tatt ledelsen då Eivind klaska inn eit Beckham frispark på bakerste stolpe der Korttila stod umarkert på 2 meter. Korttila hadde ikkje sikta inn panna si og headinga enda med utspark fra mål.

 

10 minutt etter var Thorkildsen på veg inn i gjestenes 16-meter etter ein flott pasning fra Eivind. Han kom seg føre motstandar men han blei lagt i bakken. Dommar var ikkje i tvil og bles straffe til Trio. Håvard Haga stilte seg opp i kjent stil og venta i 6 sekund etter at dommaren bles. Han sendte keeper feil vei og la ballen kontrollert i høgre hjørna. 1-0!

 

Nordre Fjell var farlig på dødball men sleit med å trenga igjennom eit kompakt og disiplinert Trioforsvar. Resten av omgangen var sjansefattig med nokre halvsjansar til begge lag.

 

I pausen måtte Simen Røssland takka for seg og inn kom ein heiltent ungdom ved navn Erik Voster Solberg.

 

Andre omgang vippa lenge fram og tilbake. I det 60 minutt kasta Aleksander friske bein innpå banen.Charter og Emanuell kom inn for Thorkildsen og Korttila som hadde sprunge mykje gjennom heile kampen. Derifra og ut var det Trio som dominerte.

 

Triospelerane tvang Nordre Fjell til å gjera feil og kom til mange overgangar. Dessverre vart det litt upresist i siste fase og ein fekk ikkje til å punktera kampen slik ein håpte og burde. Charter og Sondre hadde gedigne mulighetar men hadde ikkje heilt dagen foran kassen.

 

Trio pressa på for den berømte spikeren i kista og heiv innpå Dawit. Han hadde eit bra innhopp i likhet med resten av reservane og Trio trøkte på. I det 90 minutt fekk publikum helsa på ein ny debutant. Ungdommen Nikolai Mayer som til vanleg spelar på G16 samarbeidslaget til Trio/Halsnøy skulle visa korleis det skulle gjerast. Han hadde bare vore på banen i nokre sekund før han fekk muligheten. Eit langt utspel frå Eirik i mål fant kassen t Håvard Haga. Han la igjen til Erik V.S. som slo ein stikkar gjennom til Nikolai. Han drog ballen med seg og for mot mål. Han kikka opp og såg at det var ledig ved næraste stolpen.2-0!! Spikeren i kista var eit faktum og Triogutta kunne jubla for 3 poeng.

 

Sigeren mot Nordre Fjell var ein skikkelig lagsiger. Alle jobba for kvarandre og det var godt å sjå at innbyttarane var heiltente då dei kom innpå. Veldig kjekt at to 16-åringa også får sjansen. Både Erik og Nikolai blei godt lagt merke til og ein kan berre håpa at me får sjå meir til dei utover sesongen.

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart