Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G15: Trio - Åkra 2-1

Klikk på bilete for full storleik
Flott 2-1 seier mot Åkra
 
14-årslaget, ispedd både 12-åringar og 15-åringar, tok torsdag imot Åkra til kamp på Kvednabekkjen i 2. div Rogaland. Åkra hadde etter 2 tap i starten av vårsesongen 6 sigrar på rad og kniva før denne runden om toppen av tabellen med Avaldsnes. I vår vant Åkra 7-0 mot Trio. Denne gongen var Trio best i ein god, fartsfylt og spennande kamp og vant til slutt 2-1.
 
Klikk på bilete for full storleik
1-0 kom ved Sander

2002- modellane slit med ein del skader internt i laget og både Martin og Tor Øyvind var uaktuelle i dag. Alen var heller ikkje 100% fit og klar for spel. Brynjar har slitt og ga seg halvveis i dag. Isak sleit med ein vond nakke og bklei og igjen i bua etter pause. Då er det godt å ha eit ypperlig samarbeid med 2001-gjengen og 5 derfrå gjorde godt i dag. Kampen starter litt rotete for vår del og vi holder på å servere Åkra scoring heilt i innledninga. Mulig vi har litt respekt heilt fra starten. Men fra første besøk over på Åkra sin halvdel har vi eit godt tak på gjestene. Sander er på hugget og er ein trussel i bakrom. Slik kjem også 1-0. Brynjar har auge i nakken og ser at Sander har rom. Ein perfekt ball i bakrom er mat for Sander, som parkerer stopparen til Åkra og klinkar ballen kontant i nota. Fint mål! Vi har rimelig god kontroll defensivt og klarer og å få satt opp gode kombinasjonar mot eit sterkt Åkra lag. Fortent 1-0 til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Joakim

Andre omgang fortsett mykje i samme sporet. Vi har god kontroll i etablert forsvar. Sjansane til Åkra kjem enten på litt småkluss ved igangsetting bak, på dødball eller at vi ikkje er kyniske nok i tacklingar/klareringar. Dette er - og har aldri vore - styrken til dette laget:-), men spesielt på dødball imot gjorde vi ein langt bedre figur i dag enn sist mot Bremnes. Bra gutar! Vi har fleire silkeangrep og eitt av desse blir 13 minutt ut i omgangen avslutta av Lars etter eit angrep starta av Torstein bakerst uten at Åkra er borti ball. Ole Martin finn til slutt Lars som er kald føre kassen og doblar ledelsen. 2-0 og dagens angrep! Dessverre er vi litt nølande i klarering like etter og då smell det andre veien, 2-1. Vi har seinare ein gigantsjanse til ved Lars etter glimrande angrep og frispeling frå Emil, men keeper reddar denne gong. Vi er disiplinert og gode defensivt og ror nokolunde greit av Åkra presset. Herrrrrliiig 2-1 seier i ein kamp som blei akkurat så jevn som vi håpar å få i denne serien. Det er derfor vi er der....

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott spel på høgreback av Mathias

Flott jobb av alle i dag. Forsvaret med sjef Joakim i spissen gjer ein solid jobb i dag. Joakim og Marcus har god kontroll på ein dyktig Åkra spiss og på backane storspelte 15-åringane Ole Martin og Mathias. Daniel legg ned enormt med jobb sentralt og kapteinen er som alltid svært god å ha der.   

 

Dommar var Hans Inge Myrvold som dømte godt.

 

Neste veke skal vi opp mot serieleiar Avaldsnes på Karmøy. Det blir ein kjekk og tøff utfordring!

 

Kampfakta, Kvednabekkjen

G15, 2. div Rogaland

Trio - Åkra 2-1 (1-0)

1-0 (26 min) - Sander (ass.: Brynjar)

2-0 (53 min) - Lars (Ole Martin)

2-1 (54 min) - Åkra

 

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Emil Voster, Magnus Tera, Brynjar H.Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Alen Foric, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Samson Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart