Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøff start på haustsesongen

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio/Halsnøy2-Odda 0-5. Mykje positivt rundt toargjengen på G16. Frå å vera 12 i stallen i vinter, og med tidvis labert treningsframmøte, har gjengen heva seg i vår, hatt ein positiv Norwaycup-tur i sommar og blitt heile 16 ivrige karar på blokka til Frode og Christian no i haust. Mot førstelaget til Odda vart det likevel tøft på Kvednabekkjen seint torsdag kveld.
 
Sjølv om det står Odda2 på tabellen, så er det Oddas beste, sidan dei har redusert frå to til eitt lag i haust, og deltek med desse i Sunnhordlandsavdelinga. Odda var også effektive i første 60 minutta av kampen. Tre av fire målsjansar endte med scoring. 0-1 kom tidleg i ein førsteomgang som elles vart tett og sjansefattig, der begge laga kriga og spelet var ganske rotete. Sander T hadde ei heading etter raid frå Alex, men 0-1 var greit nok midtvegs.
 
0-2 kom etter eit lite kvarter av andre omgang, før Dion hadde ein kjempesjanse då han stussa eit frispark frå Sander V. Men keeper varta opp med ei strålande reaksjonsredning, og i staden gjekk Odda rett opp og la på til 0-3. Dødeleg effektivt så langt i kampen. Dette resulterte dog i at Trio/Halsnøy fall i saman og derifra og ut styrte Odda kampen. Det ramla inn to mål til og endte altså 0-5. Pyttsann, det kjem nye moglegheiter. Neste dyst er borte mot Trott2, som overraska med å slå Rosendal i sin første kamp.
 
Trio/Halsnøy sin bestemann i dag var Sindre B, som sto for ivrige raid på venstrevingen.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy2-Odda 0-5 (0-1)
Mål etter 5, 53, 57, 69 og 72 minutt.
Dommar: Thomas Størksen, Halsnøy
 
Trio/Halsnøy sitt lag:
Sindre Lemicka Brix, Preben Heimvik, Alexander Johnsen, Sander Eik Vevik, Oliver Lygresten, Tristan Andre Fredlund, Håvard Hope, Mathias Grindheim, Imam Eldi, Sindre Benjaminson, Sebastian Blom, Dion Clifton Attille, Tommy Heimvik, Mads Olsen, Sander Torget, Eivind Raudstein Tofte.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart