Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Triostafetten 2016

Klikk på bilete for full storleik
Gaute Thorkildsen på Trio 1 i fint driv på den lengste etappen for ungdomane. Blir jaga av Rosendals Torbjørn Haugland Næs.
 
Totalt 19 lag og knapt 100 deltakarar var med i årets Triostafett, som gjekk av stabelen på og rundt Husnes stadion laurdag ettermiddag. Halvparten av laga deltok i rekruttklassen (6-10 år) og det vart diverre ikkje noko dameklasse. I både gute- og herreklassen gjekk Rosendal til topps, medan Uskedal var sterkast på jentesida.
 
Klikk på bilete for full storleik
4x 60m for dei minste.
Først ute var rekruttane og i klasse 6-10 år vart det sprunge 4x 60m. Det var totalt 10 deltakande lag, som var delt i 2 heat. Og alle fekk sprunge distansen to gonger, før dei fekk sine velfortente premiar. Heile 8 av ei 10 laga som var med var frå Trio. God organisering av vekslingsvaktene hjulpe av ein stødig speaker Lars Jostein Rørvik, la eit godt grunnlag for at rekruttane fekk gjennomført løpa knirkefritt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Deretter var det ungdomane sin tur. Her var det 6 etappar av ulike distansar, der dei tre lengste var besett av løparar opptil 16 år, medan dei tre kortaste kunne ha løparar som var 13 år eller yngre. 2 jentelag og 5 gutelag sprang i eit felles heat. Uskedal var overlegne i jenteklassen, framom Mix-laget beståande av jenter frå Ternen, Uskedal og Rosendal. I guteklassen var det jamnt lenge. Trio stilte to lag beståande av fotballspelarar frå ulike lag i ungdomsavdelinga og desse kjempa lenge i teten. Men til slutt var det Rosendal sitt sterke lag som vann, ikkje minst takka vera ein råsterk 3.etappe av Torbjørn Haugland Næs. Trio 1 og Trio 2 tok sølv og bronse, etter at 10-åringane Tristan Thorsen og Fredrik Saghaug Eikeland gjorde unna sjarmøretappen på 200 meter inn mot mål.
 
Klikk på bilete for full storleik
Rosendal sitt herrelag sette løyperekord.
I herreklassen deltok to lag og det som måtte vera av spaning var vekke etter første etappe. Kenneth Blom sprang godt for Trio, men måtte likevel sjå seg slått med over minuttet over 1800 meter av ein Sindre Omvik i storform. Dermed var grunnlaget lagt for parademarsj for dei 5 øvrige løparane på Rosendal sitt lag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sølvvinnarane frå Trio.
Resultater Triostafetten 03.september 2016
(Fullstendig resultatliste er vedlagt nederst i artikkelen.)
'
Menn
1 Rosendal TL  19.14 (løyperekord)
2 IL Trio          20.36
 
Uskedal vann jenteklassen.
Jenter 10-16 år
1 Uskedal IL    11.51
2 Mix              12.49

'

Gutar 10-16 år
1 Rosendal TL  10.59
2 IL Trio 1       11.17
3 IL Trio 2       11.22
4 Omvikdal IL  12.55
5 Uskedal IL    12.58

.
 
Sølv til Trio 1.
.
Bronse til Trio 2.
.
Kjem dei ikkje snart? Spaning før siste veksling.
.
Frå starten på første etappe i herreklassen.
.
God stemning mellom Kenneth Blom og Sindre Omvik etter at to rundar i Trioløypa var unnagjort.
.
Ronny Nordal har fått pinnen av Gunnar Holm.
.
Terje Nes i godt driv på Trio sin femteetappe.
.
Reidar Jensen på veg mot mål for Trio.
.
7 spente løparar før starten i ungdomsklassane.
.
Ådne Bruvik fører an for Trio 1 på førsteetappen. Fanuel Tewelde like bak.
.
Sander Dolonen Brækken på tredjeetappen for Trio 2.
.
Ole Martin Byrknes spring Trio 1 inn på stadion på 4.etappe.
.
Stian Vågenes og Anders Olai Fjellandsbø tok seg ut på sine 300 meter på etappe 5.
.
Rosendal med full fokus i siste veksling.
.

Klikk på bilete for full storleik
Trio mønstra to lag frå fotballgruppa. Bak Trio 1: Daniel Sørtveit (14), Anders Olai Fjellandsbø (12), Ådne Bruvik (13), Gaute Thorkildsen (14), Ole Martin Byrknes (15) og Tristan Thorsen (10). Framme Trio 2: Fredrik Saghaug Eikeland (10), Sander Dolonen Brækken (14), Mathias Gjelseng (15), Fanuel Tewelde (13), Stian Vågenes (13), Benjamin Skarveland (15).
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart